Lokal hjort på menyen til eldre
Matstova på omsorgssenteret var pynta til fest. Kokkelærlingane på det kommunale kjøkkenet overraska med gryte og biffsnadder av lokal hjort, henta frå skogen.
Matgledekorpset i Vestland har i tett samarbeid med lokale aktørar og Sunnfjord kommune testa ut korleis det er mogeleg å få lokalt hjortekjøt på menyen. Kokkar og kokkelærlingar opplevde det både som inspirerande og interessant å få arbeide med lokale råvarer, og resultatet sette dei eldre stor pris på! Vi håpar erfaringane frå Sunnfjord kan vere med å inspirere fleire kommunar til å sette lokal hjort på menyen.
Erfaringar frå Sunnfjord er dokumentert i lenker og vedlegg til denne saka.
Matgledekorps var ei satsing frå Landbruks- og matdepartementet (LMD) der målet var å skape meir mat- og måltidsglede hjå eldre. Gjennom strategien «Gylne Måltidsøyeblikk» var dette ein del av oppfølginga av arbeidet med Matnasjonen Norge.
Prosjektet «Matgledekorpset i Vestland» er no avslutta. På www.matgledekorpset.no deler alle korpsa sine erfaringar og her er mange dokument, filmsnuttar og podcast som gjev inspirasjon og råd til korleis skape auka mat- og måltidsglede for eldre i kommunen.
