Det beste av smakar frå Fjord-Norge på veg til verdas største matmesse

I det vestlandske fjordlandskapet vert det produsert mat- og reiselivsopplevingar i verdsklasse. 20 utvalde bedrifter frå Fjord Norge-regionen er klare for verdas største matmesse, Internationale Grüne Woche. På fredag opnar statsråd Bollestad den norske standen i Berlin.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.01.2020

Vi kallar oss sjølv for Dreamteam Fjord Norge. Produsentar, Matarena og Fylkesmannen si arbeidsgruppe har jobba intenst gjennom det siste halvåret med å få til ei ambisiøs, nettverksbyggjande og samansveisande satsing for årets utgåve av IGW i Berlin. Eg meiner vi får ein av dei beste presentasjonane av Noreg og regionen vår gjennom tida. Vi er eit dreamteam, seiar prosjektleiar hjå Fylkesmannen, Dirk Kohlmann.

Kjente og nye smakskombinasjonar

Produkt frå kjøt, fisk, sjømat, ost, urter og sjokolade er hovudingrediensar i rettane som skal serverast i Berlin. Sider og eplemost av høg kvalitet vert også med. Under messa vil dei lokalmatfrelste og kreative kokkane våre, saman med deltakarane, servera det beste du kan tenkja deg av vestnorske smakskombinasjonar. Desse skal synleggjera Noreg som reiselivsdestinasjon og løfta maten si rolle i reiselivsprodukta.

Velsmakande smaksprøvar på messa, samansett av eit mangfald av vestlandske råvarer, vert servert og kjente smakar og uvanlege smakskombinasjonar vert presentert eit stort messepublikum. Kan ost, sider og sjokolade kombinerast? Ja, kvifor ikkje?

Grüne Woche styrker mat- og reiselivsbedriftene

Den norske standen er ein av dei største internasjonale standane på messa

I Berlin får standdeltakarane ein unik sjanse til å få tilbakemeldingar på produkta sine, bygge nettverk på kryss og tvers av landet og få idear til nye produkt og tenester.

Landbruksnæringa utgjer ein viktig del av utviklinga av eit ekte og berekraftig reiseliv. Kombinasjonen av god mat og gode natur- og kulturopplevingar styrkar reiselivet i regionen i dag. Bedriftssamarbeid er ein suksessfaktor her.

Rekruttering til mat- og reiseliv

Kandal kjøtt gjev råd om generasjonskifte på regiondagen

Under Grüne Woche vert det arrangert fleire møte, der aktuelle tema er på dagsorden. I år er rekruttering hovudtema. Ein næringsdelegasjon frå heile landet skal gje råd til Landbruks- og matminister Olaug Bollestad, og det vert arrangert nasjonal regiondag med dette temaet på dagsorden. Kandal Kjøtt, som deltek på messa med to generasjonar, skal snakka om korleis ein kan sikra gode bedrifter ved generasjonsskifte. Fylkesmannsembeta frå Fjord-Norge arrangerer også ein fagdag, der me følgjer opp temaet med å finna praktiske løysingar her vest.

Nye, unike smaksopplevingar blir til

Desse vil du finne på standen til Fjord-Norge: 

Møre og Romsdal:
Skarbø Gard
Nilsgardstunet
Stolt mat
Drågen Smokehouse
Sider AS

Vestland:
Walaker Hotel
Vikja AS
Amble gård
Kandal Kjøt DA (føredragshaldar på regiondagen)
Sogn Aqua/Glitne
Fjåk
Hardangergutane
Cornelius Sjømatrestaurant

Rogaland:
Nyyyt (deltek og i statsråden si næringsdelegasjon)
Lie gård
Jan Haslemo
Energihotellet
Vitengarden

 

Kontakt:

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Grüne Woche

Om Grüne Woche

  • Internasjonale Grüne Woche 2020 (IGW) vert arrangert i Berlin mellom 17. – 26. januar. Dette er 85. gong messa vert arrangert. IGW er ei av verdas største messer for mat, gartneri og landbruk.
  • På nasjonale stands vert matkulturar frå nærare 60 land presentert. Totalt deltek over 1,600 utstillarar med over 100,000 produkt frå heile verda. Det er venta rundt 450 000 besøkjande.
  • Innovasjon Norge, i samarbeid med den norske ambassaden i Berlin, er ansvarleg for den norske deltakinga under IGW, på oppdrag fra Landbruks -og matdepartementet. Fylkesmannsembeta har ansvaret for den praktiske gjennomføringa.
  • Den norske deltakinga på Grüne Woche skal byggja Noreg som mat- og reiselivsnasjon. Målet er å styrka regional matkultur gjennom nettverksbygging, innovasjon og produktutvikling.