Jordbruksarealet i Vestland

Fulldyrka areal i Vestland går ned, medan areal til mellom anna beiting går opp.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 31.01.2020

Nedanfor syner figuren utviklinga i jordbruksarealet i Vestland. Vi deler alt jordbruksarealet inn i ulike arealkategoriar. 

Arealet for åker og hage vert nytta til grønsaker, potet, frukt- og bærproduksjon og er dyrka til vanleg plogdjupn. Fulldyrka areal er areal som også vert pløgd eller  som kan fornyast ved å verte pløgd og nytta til grasproduksjon og/eller beiting. Overflatedyrka eng og beite er areal som for det meste er rydda og jamna i overflata slik at det kan haustast maskinelt og/eller verte nytta som beite.

Figur 1. Utviklinga i jordbruksareal i Vestland. 1979-2018.

Kjelde: NIBIO


Når vi samanliknar med utviklinga i landet, ser vi at utviklinga i Vestland følgjer den same tendensen. Arealet som er fulldyrka har negativ utvikling, medan arealet som vert nytta til mellom anna beiting går opp. Det vil seie at meir areal  går over frå å vere fulldyrka og verte nytta til produksjon av gras- eller åkervekstar til å bli nytta på anna måte som ikkje krev like mykje arbeid.

Vestland har mykje bratt areal det er vanskeleg å drifte med større reiskap, og det mest utfordrande arealet går difor ut av drift eller vert tatt i bruk som beite.

Figur 2. Utviklinga i jordbruksareal i landet. 1979-2018.

Kjelde: NIBIO


Stor nedgang i areal for åker og hage

Om vi ser på den relative utviklinga av jordbruksarealet, ser vi at jordbruksareal i drift samla sett går jamt nedover, men flatar ut fram mot 2018.

 

Figur 3. Jordbruksareal i Vestland, relativ utvikling. 1999-2018.

Kjelde: NIBIO

Ser vi på den relative utviklinga for landet samla i same periode, ser vi også her at utviklinga i Vestland følgjer utviklinga for landet som heilheit, men at utviklingstrekka er sterkare i Vestland. Det er større nedgang i jordbruksarealet og det er også ein mykje større nedgang i fulldyrka areal, då særleg det som vert nytta til produksjon av åker- og engvekstar.

Om ein ser på arealet for åker- og hagevekstar er nedgangen særleg stor. Dette har mellom anna samanheng med at det er færre som dyrkar åker- og hagevekstar samanlikna med tidlegare, men også at frukt- og bærdyrking  vert drive på ein anna måte enn før med tettare planting og meir frukt og bær på mindre areal.

Figur 4. Jordbruksareal i Vestland, relativ utvikling. 1999-2018.

Kjelde: NIBIO

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.