Vestland tek tak for klimaklokt landbruk

Nedlegging av gjødsla er eit godt klimatiltak
Nedlegging av gjødsla er eit godt klimatiltak Foto: NLR Vest/SFVL.

Vestland bondelag og partnarskapen i Vestland har starta eit prosjekt, der målet er å redusere klimaavtrykket frå landbruket samstundes som ein opprettheld den lokale matproduksjonen.

Publisert 17.03.2021

Arbeidet er i gang og Frøydis Haugen er tilsett som prosjektleiar. Forprosjektet skal samle landbruket sine organisasjonar, leggje ein felles strategi for klimaarbeidet i Vestland og få i gang eit hovudprosjekt.

Landbruket sin klimaavtale ligg til grunn for arbeidet. Det er ein ambisiøs avtale, og det er viktig at Vestland finn gode klimaløysingar tilpassa våre driftsforhold.

Landbruket vil og kan gjere ein innsats. Gjennom prosjektet kan vi få til ei koordinert satsing for auka kunnskap og motivasjon, slik at bonden kan gjere gode klimaval på eigen gard.

Les meir om prosjektet i Bondevennen