Verdig prisvinnar restaurerer kystlynghei

Stolt vinnar, saman med Statsforvaltar i Vestland, Liv Signe Navarsete og Tor Andre Ljosland, leiar for hovudutvalg for næring i Vestland Fylkeskommune. Foto: Kjersti Sognnes, Vestland fylkeskommune.
Stolt vinnar, saman med Statsforvaltar i Vestland, Liv Signe Navarsete og Tor Andre Ljosland, leiar for hovudutvalg for næring i Vestland Fylkeskommune. Foto: Kjersti Sognnes, Vestland fylkeskommune.

Tormod Magnesen vann første Klima- og miljøpris i Vestland for eit stort og viktig arbeid med restaurering av kystlynghei i Øygarden.

Publisert 09.09.2022

– Arbeidet er utført på ein svært god måte og er med på å ta vare på biologisk mangfald. Mottakar er eit førebilete for andre i arbeidet med å sikre miljø og naturmangfald, seier Tor André Ljosland, leiar i hovudutval for næring i Vestland Fylkeskommune.

Han delte ut prisen på 30 000 kroner på Landbrukskonferansen i Førde  denne veka.

Store område er ført attende til flott kystlandskap

Fiskarbonden skapte kystlyngheiene ved å brenne lyngen med jamne mellomrom, og ha dyr på lyngbeite gjennom vinteren. Lyngheiene sikra stabil matforsyning, i kombinasjon med fiske.

Kystlynghei er i dag ein raudlista naturtype som mellom anna blir truga av den store spreiinga av sitkagran og buskfuru. Prisvinnar Tormod Magnesen har restaurert eit areal på om lag 80 mål i Hatten i Øygarden. Framande treslaga er fjerna, lyngbrenning er godt utført og eit flott kystlandskap er henta fram att, til nytte og glede for folk og dyr i området. I tillegg er store areal kystlynghei nord i Øygarden skjøtta og restaurert.

– Det er utruleg stas å få ein slik pris for noko som eg har jobba med i mange år! Prisen og det at andre ser verdien av arbeidet som er lagt ned, gjev stor motivasjon til å stå på vidare. Eg håper at dette kan vere med å inspirere fleire til å ta vare på kystlyngheia, seier Magnesen om å vinne prisen.

Fuglane kjem attende

Dei restaurerte våtmarksområda er særleg viktige for fuglefaunaen. Mellom anna har vipa, som er ein kritisk trua fugleart, kome attende til området etter å ha vore borte i fleire år.  Bestanden av storspove har også tatt seg opp i takt med restaureringa.

Beite for villsauen

Beiting er viktig for å halda kratt og skog borte. Om vinteren beiter dyra på grøn, frisk lyng. Tidleg vårbeiting er bra for å hindre oppslag av busker og tre. Restaureringa tilbake til naturtypane kystlynghei og våtmark har gjeve betre beiteområde for villsauen. Dyrehaldet bidreg til matproduksjon, og området eignar seg elles godt for honningproduksjon.

Beitinga er også eit godt klimatiltak, sidan det fører til betre karbonbinding.

Brannførebygging

I godt skjøtta lynghei er det låg vegetasjon og mindre visent gras. Areala brenn dårlegare og med låge flammar, og ein brann er enklare å kontrollere. 

Ei lynghei i aktiv drift er den tryggaste naboen, med tanke på brannfare. 

Stort engasjement på dugnadar

Gjennom dei siste åra har Magnesen arrangert mange ryddedugnadar i samarbeid med, mellom anna, Naturvernforbundet Hordaland. Desse dugnadane har vore til god hjelp og har også vore viktige for å spreia kunnskap. Deltakarane har uttrykt at praktisk naturvernarbeid er med på å vekke forståing og engasjement for nedkjemping av framande artar.

Ny pris i Vestland

Dette er første gong klima- og miljøprisen for landbruket i Vestland vert delt ut. Prisen er utarbeida av Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland. Målet er at prisen skal gje auka merksemd rundt gode klima- og miljøvennlege tiltak i landbruket.

Juryen har vore sett saman av representantar frå desse organisasjonane:

  • Vestland fylkeskommune
  • Statsforvaltaren i Vestland
  • Vestland bondelag
  • Sogn og Fjordane bonde- og småbrukarlag og Hordaland bonde- og småbrukarlag (ein felles representant)
  • Ekstern representant frå Norsk landbruksrådgiving/Klimasmart landbruk

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.