Redusert utslepp av klimagassar frå jordbruket i Vestland

Ein ny rapport frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) viser at det er mogleg å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket i fylket utan å redusere matproduksjonen. Rapporten viser status og potensiale for reduksjon.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.06.2022

Matproduksjon føreset utslepp av klimagassar

I Vestland er det gode føresetnadar for å produsere gras som fôr til drøvtyggarane. Binding av CO2 i graset og utslepp av metan frå kyr og sau er ein del av det naturlege karbonkretslaupet. Men det er mogleg å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket i Vestland utan å redusere matproduksjonen.

Avtale med staten

Gjennom ein avtale med staten (2019) har jordbruket forplikta seg til å redusere klimagassutsleppa med 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar i perioden 2021 til 2030. Vestland sin del av dette vil vere 480 000 tonn. Rapporten frå NIBIO viser at potensialet for utsleppsreduksjon i Vestland er mellom 291 601 og 487 914 tonn.

Konkrete tiltak er god agronomi

NIBIO har kartlagt klimagassutslepp frå jordbruket i Vestland og sett på moglegheitene for å redusere utsleppa. Det vert peika på konkrete tiltak som kan gjennomførast:

  • meir klimavenleg og berekraftig fôring, avl og friskare husdyr
  • optimalisering av husdyrproduksjonane med betre fruktbarheit og færre dødfødde dyr
  • auka produsert av kjøt og mjølk per dyr
  • betra grovfôrkvalitet
  • tilsettingsstoff i fôret for redusert produksjon av metan
  • betre bruk av gjødsla og god agronomi
  • stripespreiing av husdyrgjødsel
  • auka innblanding av vatn i husdyrgjødsla
  • rett spreietidspunkt for husdyrgjødsel
  • behandling av husdyrgjødsel i biogassanlegg

Utslepp per kilo kjøt og mjølk

Ulike produksjonar har ulikt klimatisk «fotavtrykk». Det betyr at eit kilo kjøt eller mjølk kan produserast med ulikt klimagassutslepp. Lågast utslepp finn vi for storfe som både produserer mjølk og kjøt. Sauer med to lam og høg slaktevekt har også lågt utslepp. Det høgste utsleppet finn vi for husdyr som veks seint og det det går lang tid frå fødsel til ferdig slakt.

Utslepp frå jordbruket i Vestland

Utrekningar frå Miljødirektoratet syner at utsleppa frå jordbruket i Vestland var på 433 000 tonn CO2-ekvivaltentar i 2020. Dette utgjer om lag 10 prosent av utsleppa frå jordbruket i Norge. For å nå måla som landbruket har sett seg, må Vestland i perioden 2021 til 2030 samla redusere utsleppa med 480 000 tonn co2 ekvivalentar. Per år utgjer det ein reduksjon på 48 000 tonn CO2-ekvivalentar.

Frå teori til praksis

I teorien er det mogleg å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket i Vestland. Kva som er mogleg å få til i praksis, vil variere. Fleire av tiltaka er blant anna avhengig av usikre faktorar som vêrtilhøve ved hausting og gjødsling. Bruk av tilsetningsstoff i fôret er per i dag ikkje godkjent, men dette kan kome i nær framtid. Behandling av husdyrgjødsel i biogassanlegg krev store investeringar, og det er urealistisk at ein skal kunne gjennomføre i stor grad innan 2030. Likevel er det slik at alle monnar drar, og om alle gjer nokre tiltak vil det i sum utgjere ein skilnad.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.