Beiting i utmarka har ein verdi i klimasamanheng

I Vestland er det mykje god utmark med gras og urter som sauen, kyra og geita kan lage om til mat for oss menneske. Drøvtyggaren slepp ut metan som er ein klimagass, men den gjer òg noko som er bra for klimaet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.08.2020

Beiting stimulerer til binding av karbon

Samstundes som drøvtyggarane slepp ut metan, som inngår i det naturlege karbonkretsløpet, fører beiting òg til opptak og lagring av klimagassar. Dette skjer ved at plantane bind karbonet i jordsmonnet. Beiting fører til auka aktivitet av mykorrhiza (sopprot) og bakteriar som stimulerer til binding av karbon i jorda (Hillestad, 2019). Beiting aukar transporten av organisk karbon frå røtene til jorda, og her spelar både trykket og gjødsla frå dyra ei rolle. Det er et samarbeid mellom planter og dyr som har utvikla seg over tid.

Effekten av beiting vert ikkje rekna med i klimaregnskapet

Noreg har forplikta seg til å redusere utslepp av klimagassar gjennom FN sin klimakonvensjon. Jordbruk står for utslepp på 4,5 millionar tonn CO2 – ekvivalentar som utgjer om lag 9 % av utsleppa. Per dags dato vert ikkje utmarksbeiting der beitedyra resirkulerer karbonet inkludert i klimarekneskapet, fordi det er for lite sikre tal på dette.

For lagring av karbon og høgt biologisk mangfald er det optimale eit middels beitetrykk. Det er vanskeleg å seie konkret kor mange dyr som vil gje middels beitetrykk i eit område då det er stor variasjon i beitekvalitet av utmarka. Dette vil òg variere mykje mellom ulike år avhengig av temperatur og nedbør. Næringsrik berggrunn gjev det beste beitet, noko som ein finn mykje av i indre delar av Sogn (Johnny Hofsten, 2018). Ulikt klima frå år til år, påverkar også kor godt beitet er. Er det mykje snø i fjella, gjev dette nytt grasareal utover sommaren og hausten når snøen smeltar. Ytre strok, med røsslyngheier og fuktheier, har låg beitekvalitet. Både for lågt og for høgt beitetrykk er negativt for binding av karbon. I Norge er ikkje overbeiting noko problem, det er heller eit generelt problem at det er for lite beitedyr og at utmarka gror att. For å få oversikt over potensialet for beiting i eit aktuelt område, vil det vere nyttig å lage ein beitebruksplan.

I klimakur 2030 (Miljødirektoratet, 2020) vert overgang frå raudt kjøtt til plantebasert kost og fisk trekt fram som det viktigaste tiltaket innan jordbruket. Drøvtyggaren ville kome betre ut i utsleppsrekneskapet dersom karbonbindinga frå beiting vart rekna med. Det er behov for meir kunnskap på området før ein kan fastsetje ein verdi på dette i FN sitt klimarekneskap.

Beiting viktig for albedoeffekt i snørike område

Ein annan potensiell, men omdiskutert effekt av opne beiteareal, er albedoeffekten. Albedo angir kor mykje av strålinga frå sola som vert reflektert (dvs. kasta tilbake i atmosfæren). Når albedoeffekten er høg, vert mykje reflektert og det bidrar lite til oppvarming av jorda. Nysnø har høg albedoeffekt og gjev lite oppvarming av jorda. Beitedyra er med på å halde landskap ope slik at solenergien som strålar inn, også vert reflektert ut att (Hillestad, 2019). Beiting i utmarka hindrar attgroing, noko som er positivt i klimasamanheng fordi det bidreg til høg albedo. I område med polarklima ligg snøen lenge, og albedoeffekten er difor viktig. I meir tempererte område langs kysten, er albedoeffekten mindre viktig fordi det er lite snø. Dette betyr at redusert gjengroing har ein albedoeffekt i snørike områder fordi kvite flater reflekterer meir sollys enn svarte flater. Skog har låg albedo, dvs. at den reflekterar mindre sollys enn åpent landskap, men skogen bind i tillegg karbon. Når ein reknar klimagassutslepp frå endring i arealbruk, vert det ikkje teke med verdi for albedo. Det er mogleg at dette gjev utslag i klimarekneskapen, men det er framleis for lite forska på.

Betydeleg matproduksjonsressurs

Utmarka er ein ressurs som drøvtyggaren er spesielt gode til å nyttiggjere. I framtida vil det vere behov for meir mat. Jamfør FN sitt berekraftmål nr 2. skal ein innan 2030 utrydde svolt, oppnå matsikkerheit og betre ernæring og fremje berekraftig landbruk (Regjeringen, 2018). Ifølgje direktør i Norsk Landbrukssamvirke, Ola Hedstein, (Landbruk. no, 2020) er det viktig at folk innser at verda sin matsikkerheit er trua, og at Norge må bidra til å auke matproduksjonen basert på dei ressursane vi har tilgjengeleg. Utmarka og drøvtyggaren er unik i denne samanhengen.

Behov for meir kunnskap

Det er behov for meir kunnskap og forsking på karbonbinding og effekt av beiting i utmarka. Vestland har mykje utmark og drøvtyggaren er berebjelken i vestlandsjordbruket. Om binding av karbon i utmarka vert rekna med i klimarekneskapet, ville det vere viktig for å få anerkjent arbeidet bonden og drøvtyggaren gjer med å hente ut ressursar frå utmarka, halde vegetasjonen nede og oppretthalde kulturlandskapet.

Kjelder til denne artikkelen:

Aslaksen L, Norderhaug, A. og Thorhallsdottir, A. G. (2020). Kven kan gjøre kva for klimaet? Hva er betydningen av beitedyr? www. cultura.no

Miljødirektoratet (2020). Klimakur 2030

Hillestad, M. E. (2019). Beitemarka- et ukjent karbonlager. Oslo: Agrianalyse.

Johnny Hofsten, Y. R.-H. (2018). Arealregnskap i utmark- Arealstatistikk for Sogn og Fjordane. Ås: NIBIO.

Landbruk. no. (2020, 05 14). Økt beite er smart arealbruk. Henta frå Landbruk.no

Statistisk sentralbyrå. (2019, November 1). Statistisk sentralbyrå. Henta frå Utslipp til luft- årlig- SSB: https://www.ssb.no/natur-og-miljo/statistikker/klimagassn 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.