Regionalt jordvernbrev til kommunane

Statsforvaltaren i Vestland har følgt opp LMD og KDD sitt jordvernbrev med eit brev til kommunane i fylket. Her peikar vi på hovudtrekk i nasjonal politikk, kommunane sin omdisponering og verktøykassa dei har til rådvelde for å følgje opp sitt ansvar for jordvernet.
Å ta vare på dyrka jord er eit nasjonalt mål, men avgjerda i dei fleste enkeltsakene ligg hos kommunane. Dei er såleis forvaltarar av den nasjonale jordvernpolitikken og det nasjonale jordvernmålet, og summen av kommunane sine prioriteringar vert det nasjonale resultatet. Samstundes er det å «stille areal til rådvelde» noko av det viktigaste kommunar og lokalpolitikarar gjer i nærings- og samfunnsutviklinga.
Ikkje minst gjeld dette i Vestland, der kommunane har svært mykje jordbruksareal i planreservane. Til saman omdisponerer dei godt over dobbelt så mykje som det regionale jordvernmålet på 180 daa/år. Vestland fylke bidreg dermed konsekvent negativt til nasjonalt jordvernmål.
Jordvernbrevet inneheld ei oversikt over omdisponering per kommune (Kostra) sidan 2015, der nasjonalt jordvernmål er fordelt på kommunane. Dette som ein illustrasjon på jordvernutfordringane, og som eit grunnlag for kommunane sine eigne målsettingar for jordvern.
Statsforvaltaren viser i brevet til følgjande verktøy som kommunane kan bruka i sitt arbeid:
- sikre jord i drift ved målretta landbruksutvikling og handheving av driveplikt som «førstelinja for jordvernet»
- halde oversikt over løpande omdisponering av jordbruksareal i sakshandsaminga, for at kommunen skal kunne ta informerte avgjerder og sjå jordvern i samanheng over tid
- lage kommunale jordvernstrategiar og/eller sette kommunale jordvernmål, med eller utan midlar utlyst frå Landbruksdirektoratet
- legge til rette for nydyrking og bakkeplanering, ikkje som kompensasjon, men for å betre arrondering, synleggjere kostnad ved bygging på jordbruksareal og fremje samfunnsnyttig bruk av jord- og overskotsmassar med meir.
- ta omsyn til jordvern i alle delar av kommuneplanprosessen, frå planstrategi til godkjend arealdel, med særleg merksemd på landbruksutvikling, arealstrategiar med konkrete mål og prioriteringar, planvask, oversikt over nedbyggingspotensialet for dyrka jord (arealrekneskap), avgrensingar i føresegner med meir.
Det viktigaste er at kommunane tek eit realistisk ansvar og budsjetterer med omdisponering av jordbruksareal som ein avgrensa ressurs som dei må prioritere kva dei skal bruke til. Dette gjer dei i kommuneplanar og reguleringsplanar, og ved prioriteringar i sakshandsaminga. Om dei ikkje gjer dette blir jordvernet, trass gode ønsker i kommunal politikk og plan, i praksis redusert til ei rekke med enkeltsaker. Dette gir liten moglegheit til prioritering av kva som er viktigast å omdisponere den avgrensa jordressursen til.