Kjenner du nokon som bør få Nasjonal jordvernpris ?

Utandørs, gras, himmel, bakke, fire personar, blomsterbukett, diplomar.
Tidlegare Landbruks- og matminister Olaug Bollestad med mottakarane av Nasjonal jordvernpris 2021; ordførarar Per Lerøy og Sara Sekkingstad i høvesvis Austrheim og Alver kommunar, og dagleg leiar Liv Lyngstad i Norsk Landbruksrådgiving Vest. Foto: Landbruks- og matdepartementet.

Prisen skal gå til kommunar eller fylkeskommunar som gjer nyskapande tiltak for å ta vare på dyrka mark. Fristen for å melde inn kandidatar er 25. mars.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.03.2023

Den nasjonale jordvernprisen skal løfte fram og motivere til nyskapande tiltak som tek vare på dyrka mark. Prisen kan gå til ein kommune eller fylkeskommune som tek aktive grep for jordvernet i regionale planar, kommuneplanar og reguleringsplanar. Eller det kan vere kommunar og fylkeskommunar som får gode resultat i samarbeid med andre aktørar, gjennom planlegging, gjennomføring og praksis.

Prisen vert delt ut annakvart år. I 2021 gjekk prisen til kommunane Alver og Austrheim og Norsk Landbruksrådgivning Vest for deira arbeid med flytting av jordmassar.

Det er Statsforvaltaren som melder inn kandidatar frå sitt fylke. Meld inn aktuelle kandidatar ved å sende epost til ashild.vatshelle@statsforvalteren.no innan 25. mars.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.