Etne kommune og Vestland fylkeskommune er kandidatar til Nasjonal jordvernpris

Nydyrking i Sørbygda i Etne kommune
Nydyrking i Sørbygda i Etne kommune Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Gode tiltak for jordvernet skal løftast og synast fram. Statsforvaltaren i Vestland har nominert to kandidatar til denne gjeve prisen: Etne kommune og Vestland fylkeskommune. 

Publisert 14.05.2025

Vi er glade for å kunne nominere to svært verdige kandidatar til nasjonal pris, for å ta vare på dyrka mark.

Landbruks- og matdepartementet deler ut prisen. Han går til ein fylkeskommune eller ein kommune som tek aktive grep i regionale planar eller i kommuneplanar, og har gode tiltak og strategiar for jordvernet. Prisen vert delt ut annakvar år. I 2021 fekk Alver og Austrheim  prisen.

Etne kommune

Kommunen vedtok ny kommuneplan i desember 2024, og har hatt stor merksemd på jordvern i planprosessen sin. Gjennom arbeidet med planen har kommunen synt stor omsorg for dyrka mark. Konkret er det gjort eit omfattande arbeid med planvask. Det vil seie at kommunen har gått gjennom eldre planar og sletta dei som ikkje lenger er aktuelle. På den måten får område som ikkje er utbygde attende sin gamle planstatus som jordbruksareal og kan ikkje byggast ned. For Etne utgjorde det 85,6 dekar.

Etne kommune vart utfordra til å lage eit arealrekneskap som syner kor mykje jordbruksareal som er planlagt brukt til ulike utbyggingsformål. Her gjorde kommunen ein god jobb. Den nye planen brukar 83 dekar jordbruksareal til bustadformål og  55 dekar jordbruksareal til næring, tenestyting, handel og turisme. 

For spreidd busetnad har kommunen tatt viktige grep gjennom føresegner:

  • Det skal ikkje byggast på dyrka eller dyrkbar mark, og ikkje i samanhengande innmarksbeite eller skogområde med høg bonitet.
  • Nye bustader skal primært nytte eksisterande tilkomstvegar. Det skal ikkje byggast nye tilkomstvegar på dyrka mark.
  • Nye tiltak skal ikkje punktere jordbruksareal eller kulturlandskap, og skal vere plassert slik at arronderinga til landbrukseigedomane ikkje vert dårlegare enn før tiltaket.

Vestland fylkeskommune

Fylkeskommunen har laga ein regional jordvernstrategi, med eit regionalt jordvernmål på 180 dekar per år. Dette svarer til fylket sin del av nasjonalt jordvernmål, basert på vår del av totalt jordbruksareal.

Vidare har fylkeskommune gjort eit stort og viktig arbeid med å utvikle eit verktøy for arealrekneskap for alle kommunane i Vestland. Med dette får alle kommunane ei oversikt over kor mykje areal som er nedbygd til ulike formål, og kor mykje jordbruksareal, skog mv. som er avsett til nedbygging i framtida. Dette gjev grunnlag for å vurdere om kommunen har ein realistisk arealreserve til nedbygging dei neste 12 åra, eller om dei bør redusere dette.

Lenke til Vestland fylkeskommune sin arealrekneskapsportal.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar