Oppdatert AR5 gjev betre planar

Bilde viser to rekkehus ved veg og jordbruksareal.
Rekkehus nær jordbruksareal. Foto: Åshild Vatshelle, SFVL.

Kartlaget AR5 viser fordelinga av ulike arealtypar, t.d. myr, skog, fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Kommunen har hovudansvaret for at AR5 er oppdatert til ei kvar tid.

Publisert 03.01.2024

Kommunane er den viktigaste arealforvaltaren i Noreg. Kommunen er heilt avhengig av rett informasjon om areala i kommunen for å kunne ta gode avgjerder for bruken av areala.

Oppdatering av AR5

AR5 vert oppdatert på to måtar:

  • Kontinuerleg ajourhald. Dette skal kommunen gjere løpande etter kvart som areal endrar kategori. Til dømes når det vert rydda eit nytt beite eller når det vert bygd hus eller vegar der det før var natur eller jordbruksareal.
  • Periodisk ajourhald: Kvart 4-8 år oppdaterer NIBIO AR5-kartlaget ut frå informasjonen i flyfoto og andre datasett, som veg og vatn

Kommunen kan ikkje basere oppdateringa av AR5 berre på det periodiske ajourhaldet, då det går mange år mellom kvart periodisk ajourhald. Oversikt over gjennomført periodisk ajourhald ligg på Sjekk status - Nibio. AR5 inngår som ein del av geovekstsamarbeidet.

Løpande arealoversikt er viktig

Statsforvaltaren vil alltid etterspørje kor mykje areal av dei ulike typane som er planlagt omdisponert i ein kommunal plan. Eit oppdatert AR5 gjev kommunen grunnlaget for å finne denne informasjonen. Dette legg forholda til rette for ein planprosess utan unødvendige forseinkingar.

Statsforvaltaren oppmodar alle kommunane sterkt om å ha ei løpande oversikt over planlagt omdisponert areal i kommunen til ei kvar tid, samt fordelinga av areal på dei ulike arealkategoriane.

AR5 vert òg brukt til andre viktige kommunale oppgåver, til dømes som grunnlag for tildeling av tilskot innan jordbruk.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.