Gjerde mot hjorteskade på innmark

Hjort, beite, gras
Hjort på beite Foto: Grethe H. Strømmen, SFVL.

Det er god økonomi i å setje opp gjerde for å halde hjorten unna den beste innmarka. Større avlingar og lengre levetid for enga er viktig for dei som treng mykje grovfôr.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.03.2023

Landbruket har store årlege tap av grovfôr på grunn av hjort som beitar på innmark. Statsforvaltaren har difor laga eit notat som seier noko om kostnad med ulike typar hjortegjerde, støtte frå Viltfondet og sparte fôrkostnader.

Inngjerding er eit effektivt tiltak mot beiting på innmark og gjev betre overvintring av graset og auka fôrkvalitet. Behovet for inngjerding varierer mellom teigar, forventa avlingsmengd og om enga er eigd eller leigd.

Vestland fylke har ei stor hjortestamme som er i vekst, og fleire stader utgjer hjorten ein økonomisk belastning for grovfôrprodusentane. Me kan ikkje fjerna all hjorten frå utmarka, men me kan prøva å halda den utanfor slåttearealet.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.