Pant boksen for dyra

Ikkje kast boksar i naturen. Metallbitar kan hamne i dyrefôret og føre til store lidingar eller død for dyra.
Kvart år lir mange dyr unødig og må avlivast når tomme ølboksar og brusboksar hamnar i fôret. Søppel som blir kasta i naturen kan hamne på jordet og bli knust av slåmaskinar. Dei skarpe metallbitane kan følgje med graset inn i fôrballane og hamne i magen til dyra.
Det er diverre ganske vanleg at storfe får skadar av spisse gjenstandar i fôret. I 2023 vart det rapportert over 1000 tilfelle.
Kyr kan ikkje spytte, så dei svelgjer det som følgjer maten inn i munnen. Symptom på at dyra har fått i seg metallbitar, kan vere plutseleg manglande matlyst, uregelmessig eller opphøyrt drøvtygging, teikn på sterke smerter eller bløding frå munn og nase.
Norges Bondelag sin kampanje «Pant boksen!» skal få folk til å tenkje på konsekvensen av forsøpling. Dei har mellom anna laga plakatar du kan skrive ut eller dele i sosiale medium.