Organisert beitebruk - beitesesongen 2022

To sauer på fjellbeite i blåbærlyng. Sol fra blå og lettskya himmel.
Sau på fjellbeite Foto: Martin Søgnen, SFVL.

Trass i store nedbørsmengder og mykje vandring for både folk og fe, har sauebøndene i Vestland levert i sesongen 2022. Godt samarbeid, mykje aktivitet og lite rovdyr syner igjen med lågt tap av beitedyr.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.02.2023

I 2022 vart det på landsbasis sleppt 1,44 millionar beitedyr i utmarka gjennom organisert beitebruk, og dette er ei auke på kring 40 000 dyr frå året før. Innlandet har størst andel av sau og lam på utmarksbeite, med 23,6 % av sleppte sau og lam. Vestland er ein god nummer to, med 21 % av småfeet på utmarksbeite.

I Vestland vart det sleppt omtrent 20 000 storfe på utmarksbeite, av totalt 95 000 på landsbasis. Av 22 000 geiter på utmarksbeite i heile landet, var nesten ein tredjedel i Vestland.

Beitesesongen kom seint i gang fleire plassar, med låge temperaturar og mykje snø. Av totalt 203 beitelagssøknadar har lag frå heile fylket har meldt inn om ein våt sommar som gav ulike utfordringar og variabel kvalitet på beitene, før sola kom fram på hausten og gav gode haustbeite og fine sankedagar. For nokon har sesongen vore ein hard nedtur, medan andre har hatt sin beste sesong nokon sinne.

Tap og tapsårsaker

Historisk sett har Vestland hatt lågare tapstal enn andre fylke, og 2022 var inga unntak. På landsbasis hadde Vestland tredje lågast lammetap med 5,2 %. Dette var det same som i 2021, og syner målretta arbeid i beitelaga med å redusera tapa.

Landsgjennomsnittet for lammetap i sesongen var på nærmare 6,5 %. Berre Rogaland og Oslo og Viken, som ligg på høvesvis 4,3 % og 4,7 %, har lågare tap enn Vestland. Nordland fylke ligg høgast med eit lammetap på 9,1 %.

Mange beitelag melder inn eit litt høgare tap i år, som følgje av parasittar som flått, flugemakk og innvollssnyltarar, eller i ulukker med trafikk, skårfeste, fall eller ras. Mange observerer ein del ørn, og mistenker ein del tap til ørn og rev, spesielt tidleg i sesongen. Samstundes vert det funne få kadaver, og det er vanskeleg å dokumentera tapsårsak.

Det har vorte betalt ut erstatning for 180 dyr som er dokumentert tapt til freda rovvilt. Av desse er kring ein tredjedel tilfelle med jerv i Stryn og indre Sogn, noko gaupe på Voss, og resten kongeørn spreidd rundt i fylket.

Fleire lag har utfordringar med dårleg gjerdehald, trafikkerte vegar eller turgåarar som ikkje overheld bandtvangen. Det er ei stor påkjenning for medlemmane som gong på gong vert oppringt og må henta dyr utanfor beiteområdet. Laushundar skapar uro i flokkane, og det har også i år skjedd at sauer har vorte drepne. Likevel er det mange folk i fjellet som gjer beskjed om dei ser noko.

Nokre område, spesielt dei med CWD, har utfordringar med at buskapar forsvinn frå utmarka, som medfører at dyra vandrar til tilgrensande område. Dette gjer både tilsyn og sanking mykje meir arbeidskrevjande, og her har mange god nytte av elektroniske sporingsutstyr.

Tilskotssatsen til drift av beitelag har auka dei siste åra, og gjer at økonomien ser ut til å vera bra i dei fleste laga. Det er god aktivitet, og midlane vert nytta på mindre investeringar som bruer eller sankeområde, skotpremie på rev, eller felles innkjøp av snyltemiddel og saltsteinsautomatar. Dei fleste laga har godt samarbeid, og nyttar både kvarandre og folk utanfrå til å gjennomføre sesongen på ein god måte.

Trass i at det var ein våt sesong i utmarka, har det ikkje nødvendigvis gått utover kvaliteten på lammeslakta. Jamt over har beita halde seg greitt, og resultert i normalt til gode lammevekter. Det oppmodast til å halde fram med det gode arbeidet for både matproduksjon og utnytting av utmarka.

Søylediagram over lammetap i 2021 og 2022 i Vestland fylke.
Figur 1: Lammetap per kommune i Vestland 2021 og 2022

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.