Dei beste beita ligg i høgfjellet

Sauer i fjellet.
Sauer i fjellet. Foto: Kari Elsa des Bouvrie, SFVL.

I Vestland er 25 prosent av arealet over skoggrensa snøleievegetasjon. Her smeltar snøen utover sommaren, og dette er dei mest verdifulle beita for husdyr på fjellet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.10.2022

Snødekket om vinteren er ein viktig faktor for kva type vegetasjon ein finn i fjellet om sommaren. Eit tjukt snødekke har god isolasjonsevne og avgjer kva planter som overlever. Er snødekket så tjukt at det ikkje smelter før i juli/august vert vekstsesongen kort og ein finn andre typar planter enn i område med tynnare snølag. Etter kvart som snøen smeltar utover sommaren kjem nye planter opp langs snøkanten. Desse veks fort og er proppfulle av protein. Når ein har snøsmelting gjennom heile sommaren finn beitedyra heile tida nye planter med høgt næringsinnhald.

Vegetasjonskartlegging

På oppdrag frå Statsforvaltaren har Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) gjort ei detaljkartlegging av utmarksbeite. I 2020 såg Nibio på eit område i midtre delen av Hordaland, og i 2021 på område i ytre delar av fylket. Som ein del av arbeidet er det gjort vurderingar av kor mange beitedyr eit område har kapasitet til utan slitasje på vegetasjonen og reduserte slaktevekter. For midtre delar av fylket vart beita vurdert til å vere i klassen «godt beite» der ein kan rekne 70 sau per km2. I ytre delar av fylket vart kvaliteten vurdert til å vere i klassen «godt til mindre godt» med plass for 60 sau per km2. Vurderingane er gjort på bakgrunn av synfaring, bruk av satellittfoto og kart.

Beitebruksplan

Desse rapportane, med omtale av vegetasjon, berggrunn, topografi og nedbørsmengd mm. er verdifulle for bønder som nytter desse fjellområda som beite for sine dyr. Vidare gjev denne kartleggingane er gode fundament for utarbeide beitebruksplan for kommunen. Ein slik plan skal innehalde omtale av område med historisk bruk og omtale av korleis det vert brukt i dag. Vidare skal ein synleggjere verdien for landbruket ved å ha dyr på fjellbeite. Kommunen kan bruke slike planar når dei gjev avvegingar mot andre interesser, som t.d. nye areal for hyttebygging og turisme. Planen skal vedtakast politisk i kommunen og brukast aktivt. Det er ein stor fordel at kommunen lagar planen i nært samarbeid med beitenæringa.

Statsforvaltaren oppmodar beitenæringa og kommunane Vestland om å lage beitebruksplanar, og arbeidet er no starta med vegetasjonskartlegging. Gjennom ordninga investeringsmidlar til tiltak i beiteområde kan kommunen gje tilskot til tenester som er nødvendige i dette arbeidet.

Her er dei to siste rapportane frå Nibio:

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.