Fagsamling om sosiale tenester i Nav

Dato:
5. oktober 2022 11.30 - 6. oktober 2022 15.30
Sted:
Scandic Bergen City
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-leiarar, fagleiarar med ansvar for sosiale tenester og rettleiarar/sakshandsamarar som arbeider med dei sosiale tenestene i Nav-kontora i Vestland
Påmeldingsfrist:
21. september 2022 23.59

Vi inviterer til fagdagar om sosiale tenester i Nav 5. - 6. oktober i Bergen. 

Publisert 21.03.2022, Oppdatert 09.09.2022

Samlinga startar med lunsj første dag og blir avslutta seinast klokka 15.30 dag to.

Første dagen får vi innlegget "Alt står sin prøve i menneskemøtet" ved Anne Kristine Bergem, som er psykiater ved Pårørendesenteret. Etter nokre timar pause om ettermiddagen, samlast dei som ønskjer det til middag. I påmeldingsskjema melder du frå om du ønskjer å vere med på middagen eller ikkje.

På dag to får vi blant anna høyre om eitt av utviklingsprosjekta ved Nav Øygarden og om barneperspektivet i Nav, og vi får ein panelsamtale om sosiale tenester med personar frå ulike instansar.

Sjå programmet for samlinga i høgremargen.

Praktisk informasjon og påmelding

Samlinga er gratis og inkluderer lunsj begge dagar og middag om kvelden første dag. Vi gjer merksam på at middagen vert ei stund etter at fagprogrammet er ferdig.

Dei med lang reiseveg kan melde seg på med behov for overnatting. Dei med svært lang reiseveg kan i tillegg melde seg på med behov for overnatting også frå 4. til 5. oktober.

Om du har matallergiar, eller det er anna informasjon som er viktig for arrangør å vite om, opplyser du om det i merknadsfeltet i påmeldinga.

Du melder deg på via skjemaet under innan onsdag 21. september kl. 23:59, og påmeldinga er bindande. Du må ta kontakt med Elisabeth Lund-Iversen om du må melde deg av. Avmeldingsfristen er den same som påmeldingsfristen.

Det er avgrensa tal plassar på samlinga. Om det vert fleire påmelde enn tal plassar, må vi prioritere slik at alle dei påmelde Nav-kontora får delta. Vi tek kontakt med Nav-leiar eller avdelingsleiar om dette vert aktuelt. 

Dato:
5. oktober 2022 11.30 - 6. oktober 2022 15.30
Sted:
Scandic Bergen City
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-leiarar, fagleiarar med ansvar for sosiale tenester og rettleiarar/sakshandsamarar som arbeider med dei sosiale tenestene i Nav-kontora i Vestland
Påmeldingsfrist:
21. september 2022 23.59