Samling for leiarar med ansvar for tenester til barn og unge i kommunane - i Bergen

Dato:
13. oktober 2021 08.30 - 15.30
Sted:
Scandic Ørnen i Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og styringsgruppa for læringsnettverket for barnevernstenestene i Vestland.
Målgruppe:
Kommunalsjefar og sektorleiarar som har ansvar for tenester til barn, unge og føresette, BTI koordinatorar, Nav-leiarar og andre med leiaransvar for tverrfagleg samarbeid og tidleg innsats i kommunane i Vestland.
Påmeldingsfrist:
8. oktober 2021 23.59

Samlinga vert ein arena for å tenkje heilskapeleg om tenester og tiltak til barn, unge og familiar. Vi legg til rette for felles informasjon, inspirasjon frå gode dømer og drøftingar internt og på tvers av kommunane og relevante kompetansemiljø.

Publisert 24.06.2021, Oppdatert 16.09.2021

Barnevernsreforma også omtala som oppvekstreforma, trer i kraft 01.01.2022. Målet er at fleire barn og foreldre skal få rett hjelp til rett tid. For at reforma skal bli vellukka må leiarar med ansvar for tenester og tiltak til barn og unge snakke saman og tenke heilskapleg. 

For alle kommunar i Vestland

Styringsgruppa for Læringsnettverket i Vestland inviterer alle kommunale leiarar i både i skule, barnehage, helsestasjon, PPT, barneverntenesta, familietenesta, sosialtenesta og alle andre tenester som ansvar utviklingsarbeid retta mot utsette barn og unge, hjelpetiltak, tverrfagleg samarbeid og tidleg innsats til samling.  

Vi vil invitere KS, nasjonal koordineringsgruppe og dei aktuelle direktorata til å gje oss oppdatert informasjon om reforma frå sine perspektiv, med særleg fokus på tiltaksutvikling, tidleg innsats og samarbeid. Styringsgruppa har også invitert fleire relevante kompetansemiljø til å orientere om kva dei kan bidra med av kompetanse, verktøy og støtteordningar som er relevante for kommunane.

Vi håpar dette blir ein dag der de kan etablere kontakt med andre kommunar og kompetansemiljø, få svar på spørsmål og dele gode døme med kvarandre.

På slutten av dagen er det sett av tid til at leiarane frå dei ulike kommunane reflektere saman over informasjonen, og om kva som er neste steg i førebuingane for sin kommune. For meir informasjon sjå førebels program.

Samlinga er gratis for personane som er i målgruppa. Reise til og frå samlinga og eventuell overnatting i samband med samlinga dekkjer kommunane sjølv.

Tilsvarande samling i Førde

Det blir gjennomført tilsvarande samlingar i Bergen 13. oktober og i Førde 27. oktober. Kommunane står fritt til å melde seg på den samlinga som passar best for dykk. Vi gjer merksam på at dersom det vert fleire påmeldte enn det lokala og eventuelle smittevernomsyn gjev rom for, vil vi sette eit tak på kor mange som kan delta frå kvar kommune.

Merknad: Dersom det av smittervernomsyn ikkje skulle vere mogeleg å møtast fysisk, vert samlinga erstatta med ei digital samling.

Ved å melde deg på denne samlinga kan namn og kontaktinformasjon bli delt med hotell eller konferanselokale. Les meir om personvern og nettryggleik her.

Påmeldingsskjema for samling i Bergen

Dato:
13. oktober 2021 08.30 - 15.30
Sted:
Scandic Ørnen i Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og styringsgruppa for læringsnettverket for barnevernstenestene i Vestland.
Målgruppe:
Kommunalsjefar og sektorleiarar som har ansvar for tenester til barn, unge og føresette, BTI koordinatorar, Nav-leiarar og andre med leiaransvar for tverrfagleg samarbeid og tidleg innsats i kommunane i Vestland.
Påmeldingsfrist:
8. oktober 2021 23.59