Kurs i akuttmedisin for LIS1 Helse Førde

Dato:
8. september 2021 - 9. september 2021
Sted:
Førde Sentralsjukehus
Arrangør:
Helse Førde
Målgruppe:
LIS1 i kommunehelsetenesta i gamle Sogn og Fjordane
Påmeldingsfrist:
24. august 2021 23.59

Kurset er for LIS1 som skal ut i kommunehelsetenesta i september 2021.

Publisert 03.08.2021, Oppdatert 03.08.2021

Alle må gjennomføra eit obligatorisk nettbasert forkurs utarbeida av Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin. Hugs å ta med kursbeviset ved oppmøte.

Kurset er godkjent som emnekurs i den norske legeforening. Statsforvaltaren dekkjer kursavgift og overnatting etter behov. Dersom du melder inn at du treng overnatting, vil vi reservere rom til deg. Du må sjølv legge ut for dette, og fører det på reiserekninga. Reiserekninga skal sendast til Statsforvaltaren i Vestland, sjå meir i rettleiing reiserekning.

Covid-19

Vi minner om grunnleggande føringar for smittevern knytt til møter og kursverksemd. Dersom du har akutt luftvegsinfeksjon, mistenkjer at du er sjuk med koronaviruset eller har fått bekrefta eller sannsynleg covid-19, ta kontakt med arrangør. Les meir om smittevern knytt til arrangement på Folkehelseinstituttet si heimeside. 

Statsforvaltaren tek atterhald om endringar dersom smittesituasjonen endrar seg.

Dato:
8. september 2021 - 9. september 2021
Sted:
Førde Sentralsjukehus
Arrangør:
Helse Førde
Målgruppe:
LIS1 i kommunehelsetenesta i gamle Sogn og Fjordane
Påmeldingsfrist:
24. august 2021 23.59