Webinar om Kompetanseløft 2025

Dato:
3. juni 2021 11.30 - 15.30
Sted:
Digital samling
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
leiarar og tilsette i helse- og omsorgstenestene, leiarar og tilsette ved utdanningsinstitusjonane, fylkeskommunen
Påmeldingsfrist:
1. juni 2021 23.59

Vi inviterer til webinar om Kompetanseløft 2025 - ei ny satsing på kompetanse og rekruttering i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Presentasjonar finn du under «Dokument».

Publisert 22.04.2021, Oppdatert 26.05.2021

Kompetanseløft 2025 er regjeringa sin plan for rekruttering, kompetanse og fagutvikling i den kommunale helse- og omsorgstenesta og den fylkeskommunale tannhelsetenesta.

På den digitale samlinga vil du få meir informasjon om innhaldet i planen. Det vert også innlegg frå kommunar og utdanningsinstitusjonar om ulike tiltak og satsingar på rekruttering og utdanning av helsepersonell. Kva forskinga seier om kva som skal til for å rekruttere og behalde personell i kommunane skal vi også få høyre om.

Kompetanseløft 2025

Kompetanseløft 2025 er etterfølgaren til Kompetanseløft 2020, og er viktig i Leve heile livet-arbeidet.

Målet med Kompetanseløft 2025 er å bidra til ei fagleg sterk teneste, og sikre at den kommunale helse- og omsorgstenesta og den fylkeskommunale tannhelsetenesta har tilstrekkeleg og kompetent bemanning.

Kompetanseløft 2025 inneheld fire strategiske område med mange tiltak: Rekruttere, halde på og utvikle personell, brukarmedverknad, tenesteutvikling og tverrfagleg samarbeid, kommunal sektor som forskingsaktør, fagutviklings- og opplæringsarena samt leiing, samhandling og planlegging.

Program for webinaret finn du under «Dokument».

Dato:
3. juni 2021 11.30 - 15.30
Sted:
Digital samling
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
leiarar og tilsette i helse- og omsorgstenestene, leiarar og tilsette ved utdanningsinstitusjonane, fylkeskommunen
Påmeldingsfrist:
1. juni 2021 23.59