Tillegg til statsbudsjettet 2022

Solberg-regjeringa presenterte den 12. oktober framlegg til statsbudsjett for 2022. Den nye regjeringa la i går fram ein tilleggsproposisjon med framlegg til endringar i statsbudsjettet for 2022.

Publisert 09.11.2021

I tilleggsproposisjonen er det framlegg om å auke dei frie inntektene med 2,5 mrd. kroner for heile kommunesektoren, samanlikna med det opphavlege budsjettframlegget. Av dette går 2 mrd. kroner til primærkommunane. Denne veksten kjem i tillegg til veksten i dei frie inntektene som var lagt til grunn i det opphavlege budsjettframlegget, der 1,6 mrd. kroner utgjorde realvekst for primærkommunane.

Auken i dei frie inntektene er lagt til innbyggjartilskotet i rammetilskotet. Samla pårekna realvekst i frie inntekter for primærkommunane i 2022 utgjer etter dette 3,6 mrd. kroner.

Du finn brev til kommunane med ei oversikt over endringane til høgre i artikkelen. Der ligg og korrigert tabell over frie inntekter etter tilleggsnummeret til statsbudsjettet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.