Statsbudsjettet 2020

Statsbudsjettet for 2020 vart lagt fram måndag 7.10.19., og Fylkesmannen arrangerte statsbudsjettdag på Statens Hus i Leikanger.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.10.2019

Dagen starta med overføring av finanstalen frå Stortinget. Statssekretær Aase Marthe Horrigmo la så fram dei nasjonale tala, mål og tiltak for 2020. Fylkesmannen hadde ein gjennomgang av verknader som budsjettet får for kommunane i Vestland, og KS (både frå Sogn og Fjordane og Hordaland) deltok og ga sine kommentarar til framlegget, i tillegg til politisk miljø. 

Pårekna vekst i frie inntekter for kommunane i Vestland frå 2019 til 2020 er 2,2 prosent, som er det same som veksten for kommunane i landet samla. Frå 2020 blir det 43 kommunar i Vestland. 23 av desse kommunane ligg likt eller over landsgjennomsnittet, medan 20 av kommunane ligg under. 

Vedlagt finn du vårt brev om statsbudsjettet for 2020 i tillegg til tabell med oversikt over dei frie inntektene til kommunane, og presentasjonane som vart nytta på statsbudsjettdagen frå KMD og Fylkesmannen.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.