Skjønnsmidlar til kommunar med store covid-19-utbrot

Fylkesmannen har fordelt 85 mill. kroner i skjønnsmidlar til 22 kommunar i Vestland, som har hatt store utbrot av covid-19 i perioden september til oktober. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.12.2020

Bergen kommune og omlandskommunane med tillegg av Stord og Hyllestad har hatt høge smittetal, og desse kommunane får difor tildelt største delen av midlane. 

Skjønnsmidlane er fordelte etter vedtak i Stortinget (prp. 142 S) og eige brev frå statsråd Nikolai Astrup. Vi har ut ifrå dette, lagt til grunn følgjande modell/kriterium for kommunar med større smitteutbrot i perioden september–oktober:

  • Folkehelseinstituttet (FHI) sin statistikk for tal smitta personar (40 prosent)
  • anslag ekstra utgifter frå siste rapportering i august og september og fram til 1. november
    (40 prosent)
  • FHIs smittetal per 1000 innbyggjar (20 prosent)
  • samla skjønnsvurdering etter smittetal og ekstra utgifter.

I fordelinga har vi òg sett på tidlegare fordelte skjønnsmidlar knytte til koronapandemien.

Innan 11. desember skal Fylkesmannen i Vestland, med atterhald om handsaming i Stortinget, fordele 133 mill. kroner i ekstra skjønnsmidlar knytte til covid-19-utbrotet (jf. vårt brev til kommunane datert 24. november). I tillegg til smittetal og dei siste rapporterte utgiftene frå kommunane for november, vil vi òg i den fordelinga sjå på samla ekstra utgifter og fordelte skjønnsmidlar for heile 2020.

Aktuelle dokument ligg ved til høgre i artikkelen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.