Skjønnsmidlar til fire nye kommunar

Av skjønnsmidlar som er avsette til fordeling i 2020 har Fylkesmannen no fordelt til saman 10 mill. kroner til fire nye kommunar, som er venta å få utilsikta reduksjonar i inntekter som følgje av kommunesamanslåing.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.06.2020

I kommunereforma vart det stilt gode økonomiske ordningar for kommunar som slo seg saman. Men etter at kommunane gjorde vedtak om samanslåing, er det gjort berekningar som viser at nokre av dei nye kommunane kom uheldig ut på enkelte deler av inntektssystemet samanlikna med det kvar kommune fekk før samanslåinga. Det er dette som er omtala som utilsikta reduksjonar i inntekter, og er nærare omtala i vårt brev til departementet av 01.11.2019. Med grunnlag i våre samla berekningar for utilsikta reduksjonar og generelle retningslinjer for skjønnsmidlar, har vi av fylkesramma fordelt skjønnsmidlar til kommunane Kinn (3 mill. kroner), Bjørnafjorden (2 mill.), Øygarden (2 mill.) og Sunnfjord (3 mill.).

Meir informasjon om dette finn du i vedlagte brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.