Osterøy kommune ute av Robek

Osterøy heradsstyre har vedteke ein økonomiplan for 2022 - 2024 i balanse og blir derfor meld ut av Robek. Kommunen sitt budsjett- og økonomiplanvedtak for 2021 - 2024 er godkjent.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.03.2021

Kommunen var meld inn i Robek i mars 2020 på grunn av at driftsdelen i økonomiplanen vart vedteken med eit meirforbruk, og at ikkje alle år hadde dekning for dei totale utgiftene. 

Etter førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) er rekneskapen for 2020 avslutta i balanse, og meirforbruket er nedbetalt ved hjelp av disposisjonsfond.

Statsforvaltaren skal føre lovlegkontroll av budsjettvedtaket til Osterøy kommune etter kommunelova § 28-3. Vi har føreteke kontrollen, og meirforbruket frå 2020 og for budsjettåret 2021 er dekt inn.

Osterøy kommune har vedteke ein økonomiplan for åra 2022 - 2024 i balanse og blir derfor meldt ut av Robek etter kommunelova § 28-5 andre ledd. Kommunen sitt budsjett- og økonomiplanvedtak for 2021 - 2024 er godkjent.

Sjå vedlagt brev til kommunen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.