Lovlegkontroll av budsjett og økonomiplan for Askøy kommune

Fylkesmannen har gjennomført lovlegkontroll av Askøy kommunestyre sine vedtak om budsjett for 2019 og økonomiplan for 2019–2022. Lovlegkontroll er gjennomført etter krav frå fem av representantane i kommunestyret.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.02.2019

Fylkesmannen har oppheva det vedtaket som omfattar økonomiplan for 2019–2022. Vedtak om budsjett for 2019 er ikkje oppheva. Grunnlaget for å oppheve vedtak om økonomiplan er at planen etter vår vurdering ikkje oppfyller krav i kommunelova med omsyn til realisme,  jf. § 44 nr. 3.

Bakgrunnen for at budsjett for 2019 ikkje er oppheva, er at vi reknar med at kommunen vil ha tilstrekkeleg stort disposisjonsfond i år til å dekke pårekna netto driftsunderskot i 2019. I siste del av økonomiplanperioden er det ikkje sannsynleg at kommunen vil ha tilstrekkeleg stort disposisjonsfond.

Sjølv om vedtak om budsjett 2019 ikkje er oppheva, bør budsjett 2019 bli sett i samanheng med heile økonomiplanperioden. Dei vedtaka som kommunen gjer for 2019, er viktige for heile økonomiplanperioden. Fylkesmannen rår difor kommunen til å gjere justeringar i budsjettet for 2019, både av omsyn til utviklinga i år og som grunnlag for utviklinga i dei neste åra.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.