Læringsnettverk for berekraftig omstilling

Statsforvaltaren i samarbeid med KS inviterer kommunar i Vestland og Rogaland til å delta i læringsnettverk knytt til berekraftig omstilling.

Publisert 01.12.2025

Verda, Noreg og kommunesektoren står overfor store utfordringar i åra framover. Desse utfordringane krev store og raske omstillingar samt tydelege politiske prioriteringar.

Kommunar og fylkeskommunar har ansvar for viktige samfunnsområde og tenester som er ein sentral del av velferdssamfunnet. For at kommunesektoren skal kunne halde fram med å levere gode tenester i ein situasjon med aukande knappheit på arbeidskraft, redusert økonomisk handlingsrom og demografiske endringar, må ein omstille. Når utfordringane er store, blir politiske prioriteringar både vanskelegare og viktigare. Interessene vil ofte stå mot kvarandre, og knappe ressursar må forvaltast slik at også komande generasjonar har tilgang til velferdsgode og ein miljømessig balansert klode. Meir om dette kan du lese i artikkelen til KS "Kommunesektorens politiske prioriteringar 2024-2027".

Kommunesektoren har sjølv særleg peikt på følgjande utfordringar

  • Trongare økonomi krev vanskelege prioriteringar
  • Mangel på arbeidskraft og relevant kompetanse
  • Auka helse- og omsorgsbehov

Kommunesektoren er allereie i kontinuerleg omstilling for å kunne tilby gode tenester med avgrensa ressursar. Framover blir det  stadig viktigare å bruke dei ressursane ein har på ein effektiv og føremålstenleg måte. Staten må gjere sin del av jobben med å gje sektoren nødvendig fridom og fleksibilitet til å løyse desse utfordringane. Samstundes har sektoren sjølv eit viktig ansvar for å ta det ansvaret rammestyringa pålegg dei. Mellom anna å finne gode løysingar gjennom innovasjons- og utviklingsarbeid, bruke ressursar og arbeidskraft effektivt og fleksibelt og drive tenestene på ein god måte.

Dette er bakgrunnen for at Statsforvaltar saman med KS tilbyr læringsnettverk for politisk og administrativ leiing der vi legg vekt på:

  • korleis sikre berekraftig økonomisk omstilling
  • korleis sikre tilgang på arbeidskraft med relevant kompetanse
  • kva som må til for å møte dei auka behova for helse- og omsorgstenester

Målgruppe

Alle kommunar i Vestland og Rogaland er velkomne til å søkje om å delta i læringsnettverket. Læringsnettverket vil bestå av 6-9 kommunar. Ved stor interesse for deltaking vil det skje ei prioritering og utveljing av kommunar.

Kommunar som ynskjer å delta  stille med representantar frå leiinga:

  • Ordførar
  • Gruppeleiarar/medlemmar frå formannskapet
  • Kommunedirektør
  • Representantar frå kommunedirektøren si leiargruppe
  • Økonomisjef
  • Representantar frå tillitsvalde

I heile eller delar av nettverksforløpet vil det også vere aktuelt at ansvarleg for det samla kommuneplanarbeidet og andre meir spesifikke fagfunksjonar deltek - til dømes innafor personalområdet.  Deltakarkommunane må sikre forankring av arbeidet opp mot dei tilsette sine organisasjonar, verneapparatet, med vidare.

Omstilling gir moglegheiter – utbyte ved å delta

Læringsnettverket skal bidra til at deltakande kommunar får:

  • styrka politisk og administrativt leiarskap
  • styrka rolla som arbeidsgjevar (folkevalde som overordna ansvarlege og administrasjonen som utøvar av arbeidsgjevarrolla)
  • felles forståing mellom folkevalde, administrasjon, lokalsamfunn og partane i arbeidslivet om utfordringar og handlingsalternativ
  • innsikt i utfordringar knytt til kompetanse og rekruttering generelt
  • auka innsikt i eigen ressursbruk, utfordringar og moglegheiter generelt
  • tenestene i tråd med lovkrav til ein forsvarleg kostnad
  • styrka langsiktig og strategisk økonomisk planlegging
  • styrka kompetanse til omstilling, fornying og innovasjon

Metode og innhald

Læringsnettverk er ein mykje brukt metode for forbetringsarbeid og kvalitetsutvikling. Formålet er å lukke gapet mellom det vi veit og det vi gjer. Metoden er godt eigna for å samle team, grupper og organisasjonar for å lære om og gjennomføre endringsarbeid i fellesskap. Vi legg særleg vekt på samarbeid, kunnskapsdeling og handling for å få til ei berekraftig omstilling.

Læringsnettverket blir gjennomført med ein kombinasjon av fysiske samlingar og digitale tilbod. Det vert 4-5 fysiske samlingar våren 2026 til vinteren 2027/28. Siste samling er ei erfaringssamling som siktar seg inn mot neste kommunestyreperiode, med mellom anna vekt på å utvikle kunnskapsgrunnlaget for ny planstrategi. Dei fysiske samlingane vil skje over 2 dagar, med oppstart rundt lunsjtider på dag 1 og avslutning seinast kl. 15 på dag 2.

Kommunar som deltek skal arbeide med eige omstillingsprosjekt og oppgåver i og mellom samlingane.

Kostnad ved deltaking

Det vil bli søkt om førehandsgodkjenning av OU-midlar knytt til arbeidsgjevarrelatert leiarutvikling.

Deltakaravgift pr. kommune:

Kommunestørrelse inntil: Deltakaravgift (grunnsats og innbyggjarsats)
1 000 6 450 kr
3 000 7 350 kr
6 000 8 700 kr
10 000 10 500 kr
20 000 15 000 kr
40 000 24 000 kr
65 000 35 250 kr

I tillegg må deltakarkommunane dekke eigne kostnader knytt til reise, opphald, dagpakkar, med vidare.

Påmeldingsfrist

Fredag 16. januar 2026. Påmeldinga er bindande.
Her er lenke til påmelding: Påmelding: Læringsnettverk - berekraftig omstilling

Det blir gitt tilbakemelding på søknad innan 26. januar 2025.

Digitale informasjonsmøte

Informasjonsmøte om læringsnettverket på følgjande tidspunkt:

Det er sendt eiga kalendarinvitasjon til kommunane om informasjonsmøta.

Første møte for kommunane som vert teke opp i nettverket

  • Fredag 13. februar kl 09.00 – 11.00

Målgruppa for dette er kommunedirektør og prosjektleiar.

Tentative tidspunkt for 1. og 2. samling:

    • samling: 28. og 29. april 2026
    • samling: 22. og 23. september 2026

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.