Kostra-rapportering for 2021

Kommunane, interkommunale selskap og samarbeid, og kommunale føretak skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan 22. februar 2022.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.11.2021

Elektronisk rapportering kan skje frå og med 3. januar 2022. Frist for rapportering av helse- og omsorgstenester, helse- og omsorgsinstitusjonar, sosialhjelp, kvalifiseringsstønad og barnevern, er sett til 17. januar 2022.

For rapportering av resterande tenestedata er fristen 15. februar, og for rapportering av rekneskapsdata er fristen sett til 22. februar 2022.

Kommunar som ikkje har bestemte ordningar, for eksempel kvalifiseringsstønad eller eigedomsskatt, skal sende inn det aktuelle Kostra-skjemaet og krysse av for at det ikkje er noko å rapportere. Dette for at SSB skal få oversikt over kven som har rapportert og for å estimere korrekte summar på regions- og landsnivå.

Det same gjeld for kommunar som ikkje har einheiter å konsolidere, desse må likevel sende inn konsolidert-skjema til SSB. Sjå forklaring på korleis dette kan gjerast i oppslagshefte om Kostra-rapporteringa for 2021.

Meir informasjon om rapporteringa finn de i brev frå SSB frå 1. november 2021. Det er og sendt brev til fylkeskommunar, til IKS og kommunale oppgåvefellesskap frå same dato. Til høgre finn de lenker til brev og informasjon, og oversikt over skjema for 2021-rapporteringa, og lenke til innrapporteringssida til SSB.

Treng du hjelp i samband med rapporteringa har SSB si eiga brukarteneste.
Spørsmål kan stillast til: kostra-support@ssb.no eller til telefon nr. 62 88 51 70.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.