Rett klageinstans for vedtak gjort av interkommunale selskap

Forvaltningslova krev at særskilde klagenemnder skal vere uavhengige av etaten som har gjort det påklaga vedtaket. Styret i eit IKS kan derfor ikkje vere klageinstans for vedtak gjort av dei som er tilsett i det same føretaket.

Publisert 01.10.2020

Etter forvaltningslova § 28 skal vedtak kunne påklagast til eit overordna organ, eller til ei særskild klagenemnd. I dette ligg det at det skal vere ein viss avstand mellom det organet som gjer vedtak i førsteinstans og det organet som skal avgjere klagen. Særskilde klagenemnder skal ikkje ha andre oppgåver.

Regelen om handsaming i to uavhengige instansar er eit sentralt prinsipp i forvaltningslova, og ein rettstryggleiksgaranti for å sikre uhilda klagehandsaming. Sivilombodsmannen har derfor uttalt at styret i eit IKS ikkje kan vere klagenemnd for vedtak frå selskapsadministrasjonen. Vidare har ombodsmannen peika på endringa i forvaltningslova § 28 ande ledd, i kraft frå 01.11.2019:

«For enkeltvedtak som er truffet av egne rettssubjekter som har fått overført myndighet fra kommunen eller fylkeskommunen, er klageinstansen én eller flere særskilte klagenemnder som er oppnevnt av det øverste organet i rettssubjektet»

Klager på administrative vedtak frå eit IKS skal altså handsamast av ei særskild klagenemnd som er oppnemnd av det øvste organet i selskapet. Dette inneber at representantskapet i IKS er gjeve myndigheit til å fastsette éi eller fleire særskilde klagenemnder, jf. IKS-lova § 7.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.