Forslaget om marint vern av Sognefjorden er no på høyring

Høyringsfrist:
1. november 2026 23:59
Ein person med raud lue står med ryggen til fotografen og ser ut over eit fjordlandskap med fjell på begge sider av fjorden
Med dette er forslaget til marint vern av Sognefjorden lagt ut på høyring. Alle som ønskjer å ytre si meining om vernegrenser og vernereglar, eller bidra til å auke kunnskapsgrunnlaget om natur og bruk av fjorden, er velkomen til å sende inn sine innspel i høyringsperioden. Foto: Vegard Byrkjeland Aasen.

Statsforvaltaren i Vestland inviterer alle interesserte til å seie si meining om forslaget til Sognefjorden marine verneområde. Målet er å sikre verdas djupaste fjord med unik undersjøisk natur for framtida, samstundes som vi legg til rette for berekraftig bruk. Høyringsfristen er 1. november 2026. 

Publisert 17.04.2026

Statsforvaltaren i Vestland legg med dette lagt fram forslag om Sognefjorden marine verneområde til offentleg høyring. Verneforslaget omfattar 1003 km² sjøareal i dei ti kommunane Solund, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster, og er ein del av det nasjonale arbeidet for å bevare eit representativt utval av norsk marin natur for kommande generasjonar.

Statsforvaltaren håpar verneforslaget kan bidra til å belyse dei positive og negative verknadane eit marint vern vil kunne medføre. I høyringsperioden vil vi besøke alle kommunestyra, og er elles på tilbodssida for å formidle verneforslaget.

Føremålet med vernet

Føremålet med Sognefjorden marine verneområde er å verne verdas djupaste og vår lengste fjord, med særeigne geologiske kvalitetar og biologisk mangfald som følgje av stor variasjon i det undersjøiske landskapet. Verneføremålet knyter seg til vassøyla og sjøbotnen. Vernet skal bidra til at eit utval av representativ og sårbar norsk marin natur blir teke vare på. 

Sognefjorden oppfyller kriteria i naturmangfaldlova med både særpreg og representativitet, og skal kunne tene som referanseområde for forsking og overvaking. Den føreslegne vernegrensa går primært til to meter under sjøkartnull. Vi foreslår likevel å inkludere grunne område på privat eigedom opp til flo-mål der det er spesielle verneverdiar, samt der det marine vernet grensar til verneområde på land.

gras som veks på kvit sand under vatn
Ålegrasenger vert danna på mjuk mudder- og sandbotn, og er oppvekststad for mange marine artar. Den tek opp CO2 og lagrar karbon, demper bølgjer mot land og held sand og mudder på plass med røtene sine. Det er registrert ålegraseng fleire stader i Sognefjorden. Foto: Erling Svensen.

Eit omfattande kunnskapsgrunnlag ligg til grunn for verneforslaget

Verneforslaget er basert på eit omfattande kunnskapsgrunnlag, både i form av kartleggingar, ei stor konsekvensutgreiing, møte, innspel og drøftingar undervegs i prosessen. I nettsaka vår her finn du det meste av kunnskap vi har fått produsert i løpet av verneprosessen.

I konsekvensutgreiinga er marint vern, som du kan lese her, samla sett vurdert til å ha ein positiv konsekvens for Sognefjorden. Naturmiljø, kulturminne, friluftsliv, fiskeri, landskapsbilete, verdsarv, reiseliv og forsking er tema som kjem styrka ut.

blå himmel og grøn fjord, med eit industrisamfunn inst i ein fjord
Konsekvensutgreiinga tilrår å trekke vernegrensa for eit marint vern av Sognefjorden vekk i frå tettstadar og industriområde fordi det ofte ligg tunge samfunnsmessige interesser der. Det er også sjeldan det ligg store marine verneverdiar tett innpå slike industriområde. Foto: Gunnar O. Hæreid.

Tilgang til vernekart får du digitalt eller på pdf

Vernekartet er tilgjengeleg temalag Natur, Naturvernområder (DOK) og Sognefjorden marine verneområde på denne lenkja på fylkesatlas. Der kan ein slå av og på ulike relevante kartlag om til dømes foreslått vernegrense, gruntvassområde (privat eigedom), ankringsområde for skipstrafikk, referanseområde for akvakultur, korallområde med botnfiskeforbod og alternative vernegrenser ved industri/tettbygde strøk (sistnemte kjem straks). 

Vernekartet er tilgjengeleg i pdf-format til høgre under Dokument. Elles syner både naturbase og andre kartdatabasar forslaget til Sognefjorden marine verneområde under temalag tilsvarande Verneområde/Føreslåtte verneområde.

Forlenging av verknadane av naturmangfoldloven § 44

Som ein del av denne høyringa legg vi også fram forslag om å forlenge verknadane av naturmangfoldloven § 44 med to år for det føreslåtte verneområdet i Sognefjorden.

Føremålet med paragrafen er å hindre at viktige naturverdiar vert skada eller øydelagde mens verneprosessen pågår. Sidan dei noverande verknadane av kunngjeringa går ut i desember, er ei forlenging naudsynt for at styresmaktene framleis skal kunne sikre naturverdiane fram mot vedtak. Dette inneber mellom anna at forvaltningsorgan framleis kan avslå søknader om tiltak som kan vere til skade for verneforslaget.

Høyringsfrist for forlenginga av naturmangfoldloven § 44 er også 1. november 2026.

Slik seier du di meining

Statsforvaltaren har gjennomført mange møte i verneprosessen for Sognefjorden med ulike interessentar, og vi legg stor vekt på formidling og dialog også vidare i prosessen.

menneskje rundt eit møtebord
Statsforvaltaren legg vekt på formidling og dialog i verneprosessen, og kan telje 50 møte så langt i arbeidet med Sognefjorden. Her er ordførarane samla til møte om det marine vernet i juni 2025. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Halvor Røssum.

Vi ønskjer innspel frå kommunar, næringsliv, organisasjonar og privatpersonar for å sikre eit best mogleg kunnskapsgrunnlag. Du kan lese utsendingsbrevet, høyringsdokumentet, forslag til verneforskrift og vernekart, merknadsheftet og alle innkomne merknadar, innspel og referat i høgrefana under Dokumenter. 

Høyringsfristen er 1. november 2026

Innspel kan bli sende per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no eller som brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.