Tilbyr kurs i smittesporing

Fleire kommunar førebur seg no på smittesporing av mange indekstilfeller. Eit ledd i denne førebuinga er opplæring av fleire medarbeidarar som kan hjelpe kommunelegen i sporingsarbeidet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.08.2020

Folkehelseinstituttet har i samarbeid med Helsedirektoratet laga opplæringsmateriale for dei som skal drive smittesporingen i kommunane. Kurset består av presentasjonar, videoforedrag og sjølvevalueringstest.

Opplæringa vil gi grunnleggande kunnskap om covid-19, mellom anna om den smitteførende perioden, det klinisk bilde, overføring av covid-19 og kvifor smittesporing er eit effektivt tiltak for å redusera smittespreiing. Deltakarane vil lære korleis sporing av kontaktar blir gjennomført gjennom intervju og samtalar med tilfelle, og vidare korleis ein registrerer innsamla data.

Sjå meir om kurset på Folkehelseinstituttet sine nettsider.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.