Rettleiande statlege satsar for sosialstønad i 2023

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har prisjustert satsane i tråd med forventa vekst i konsumprisane i nasjonalbudsjettet for 2023.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.12.2022, Sist endret 02.01.2023

Dei nye statlege satsane per månad frå 1. januar 2023 er:

Einslege 6 850 kroner
Ektepar/sambuarar 11 450 kroner
Person i bufellesskap 5 750 kroner
Barn 0 - 5 år 3 350 kroner
Barn 6 - 10 år 3 450 kroner
Barn 11 - 17 år  4 500 kroner

 

I satsane er det tatt omsyn til utgifter til heilt grunnleggjande behov, men nødvendige utgifter til bustad, straum, oppvarming, bustad- og innbuforsikring, innbu og utstyr er ikkje inkludert fordi dette er utgifter som varierer mykje.

Her kan du lese heile brevet frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. 

Utgangspunkt for skjøn

Rettleiande satsar er viktige og nyttige for å sikre likebehandling. Likevel er satsane berre rettleiande utgangspunkt, og Nav har rett og plikt til å vurdere kvart tilfelle individuelt. Nav skal utøve skjønn når dei vurderer om det skal ytast sosialstønad, og ved utmåling av stønaden.

Dette betyr at Nav ikkje skal innvilge stønad etter sosialstønadssats aleine, men etter ei individuell vurdering. Det kan medføre at Nav i einskilde tilfelle gir meir i stønad enn satsen tilseier. På den anna side har ikkje den einskilde sosialhjelpsmottakar rett til eit stønadsbeløp som svarar til sats, og nokre gonger kan Nav gi mindre i sosialstønad.

For å kunne avklare kva behov den einskilde har må Nav kartleggje søkjaren sin situasjon grundig, og innhente dei opplysningane som er nødvendige. Etter ei slik kartlegging kan resultatet bli at ein som har tomme matskap og klesskap får meir i sosialstønad, og at ein som har mat og klede i skapa sine får tilsvarande mindre.

Kommunal sjølvstyre

Kommunane bestemmer sjølv om dei skal nytte statens rettleiande satsar som utgangspunkt for skjønet, eller om dei skal ha eigne satsar som utgangspunkt for skjønsutøvinga.

Nesten alle kommunane i Vestland har valt å følgje dei rettleiande statlege satsane. I byrjinga av 2022 rapporterte 40 av 43 Vestlandskommunar til Statistisk sentralbyrå at dei ved utgangen av 2021 nytta statens rettleiande satsar som berekningsgrunnlag for sosialstønad.

Dei to største kommunane i Vestland, Bergen og Øygarden, rapporterte at dei ikkje nytta statens satsar. Bergen kommune har vedtatt satsar som ligg vesentleg høgare enn statens, medan Øygarden rapporterte at dei hadde kommunale satsar som ligg lågare enn statens.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.