Oversending av klager på enkeltvedtak etter sosialtenestelova

Vi ønskjer å minne om at når vi skal avgjere ei klage over enkeltvedtak så treng vi dei same dokumenta og opplysningane som Nav-kontoret trong for å handsame saka.

Publisert 24.04.2023

For klager på vedtak som gjeld økonomisk stønad, treng vi at Nav-kontoret til dømes sender oss

  • søknaden med eventuelle vedlegg
  • vedtaket
  • klagen med eventuelle vedlegg
  • dokumentasjon og opplysningar som Nav-kontoret har henta inn
  • eventuelle relevante journalnotat
  • Nav-kontoret si vurdering av klagen

Klager over vedtak om refusjon

I desse sakene treng vi at Nav-kontora til dømes sender oss:

  • Gosys-meldinga der informasjon om den innvilga trygdeytinga går fram.
  • Førehandsvarselet, refusjonskravet og vedtaket om refusjon.
  • Klagen med eventuelle vedlegg.
  • Nav-kontoret si vurdering av klagen.
  • Vedtak kor stønaden Nav-kontoret krev refusjon for er innvilga og utbetalingsoversikt/klientreskontro.
  • Trekkoppgjersliste frå Nav stat der det går fram kor mykje Nav-kontoret har fått refundert for dei ulike periodane/månadene.
  • Billag på enkeltrekningar som inngår i refusjonskravet.
  • Informasjon om skattetrekk, anten prosentsats eller tabell, for heile perioden Nav-kontoret krev refusjon.
  • Dokumentasjon og opplysningar som Nav-kontoret har henta inn og eventuelle relevante journalnotat.

Dersom Nav-kontoret har kravd refusjon for heile eller deler av etterbetalingsperioden tidlegare, treng vi i tillegg tidlegare refusjonskrav og trekkoppgjersliste.

Når den som klagar har barn

Dersom klagar har barn, skal Nav-kontoret synleggjere kva vurderingar dei har gjort av behovet til barna og korleis vedtaket påverkar barnas situasjon. Dette gjeld i alle saker.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.