Kan du trekkje ein sosialhjelpssøknad?

Det hender vi hjå Statsforvaltaren får spørsmål om det går an å trekkje ein søknad om sosialhjelp. Svaret er ja.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.12.2021

Reglane for saksbehandling i det offentlege står i forvaltingslova. Denne lova har ikkje eigne reglar for formkrav til søknader, altså reglar om korleis ein må gå fram når ein søkjer om for eksempel sosialhjelp. Der er heller ikkje reglar om korleis ein må gå fram når ein vil trekkje ein søknad om sosialhjelp.

Det er lov å søkje munnleg

Nav har plikt til å behandle munnlege søknader, på lik line med skriftlege. Nav kan altså ikkje la vere å behandle ein sosialhjelpssøknad fordi søknaden ikkje er skriftleg, eller fordi søknaden ikkje er sett fram på «korrekt søknadsskjema».

For Nav gjeld regelen om skriftlegheit i forvaltinga. Det betyr blant anna at Nav må skrive ned munnlege søknader, sjå forvaltingslova paragraf 11 d andre ledd og punkt 5.41.2.2 i rundskriv 35.

Det kan vere gode grunnar til at ein som treng sosialhjelp ikkje klarar å formulere ein skriftleg søknad, og då må Nav hjelpe dei med dette. Nav må også hjelpe dei som treng hjelp til å skaffe nødvendig dokumentasjon, som Nav treng for å kunne behandle søknaden, sjå punkt 5.43.2.3 i rundskriv 35.

Det same gjeld for det å trekkje ein søknad

Ein sjeldan gang hender det at ein sosialhjelpssøkjar vil trekkje søknaden, og det er som nemnt ikkje nokon regel i forvaltingslova om korleis Nav må gå fram då. Omsynet til at det i ettertid skal vere kontrollerbart kva tid og kven som trekte søknaden (notoritet), tilseier at det bør skje skriftleg. Men dette er altså ikkje eit lovkrav.

Nav må difor rette seg etter at ein søknad er trekt munnleg. I samsvar med regelen om skriftlegheit i forvaltinga må Nav skrive ned at søknaden er trekt, slik at dette kjem fram i journal eller liknande. Til vanleg bør Nav i tillegg skrive til vedkomande og stadfeste at dei ikkje behandlar søknaden, fordi den er trekt. Dersom Nav ikkje sender ei slik stadfesting må dei til vanleg grunngje dette i journal eller liknande.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.