Å trekkje ein klage på sosialhjelpsvedtak må gjerast skriftleg

Det er ikkje nok å trekkje klagen munnleg, klagaren må gjere det skriftleg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.10.2020

Det står i forvaltingslova at ein klage må vere underteikna av klagaren eller hans fullmektig, eller vere autentisert på annan lovleg måte, sjå forvaltingslova paragraf 32 bokstav b. Vi legg til grunn at den same regelen gjeld dersom ein vil trekkje klagen. Dersom klagar vil trekkje ein skriftleg klage, må dette altså skje skriftleg. Nav kan ikkje leggje til grunn det som vert sagt i ein telefonsamtale, eller vert sagt i samtale på Nav-kontoret om å trekkje klagen.

Det er ingen eigen regel i forvaltingslova om korleis ein må gå fram for å trekkje ein klage. Omsynet til at det i ettertid skal vere kontrollerbart kva tid og av kven klagen vart trekt (notoritet), tilseier at det må skje skriftleg. Dette gjev tryggleik både for klagar og for Nav. Med skriftleg meiner vi ein underskriven klage på papir eller ved elektronisk kommunikasjon gjennom eit medium der ein kan legitimere seg med til dømes BankID, sjå forvaltingslova paragraf 15 a andre ledd.

Finst det unntak?

På same måten som at det kan tenkast unntak frå kravet om skriftleg klage, så kan det tenkast unntak frå kravet om skriftleg tilbaketrekking av klage. Nav må ut frå ei skjønsvurdering unntaksvis kunne akseptere at tilbaketrekking av klage ikkje vert gjort skriftleg, til dømes fordi det ikkje er praktisk mogleg for klagar å skrive og signere ei tilbaketrekking. I slike tilfelle må Nav skrive ned den vurderinga som konkluderer i at dei aksepterer tilbaketrekking av klage utan at dette vert gjort skriftleg.

Kva med e-post?

E-post fyller i utgangspunktet ikkje kravet i forvaltingslova. Ein må ikkje legitimere seg for å opprette ei e-postadresse eller sende ein e-post. Dersom Nav skal akseptere ei tilbaketrekking av klage som er sendt på e-post, må Nav på annan måte klarleggje at det er klagar sin eintydige vilje å trekke klagen. Også i slike tilfelle må Nav skrive ned den vurderinga som konkluderer i at dei aksepterer tilbaketrekking av klage utan at dette vert gjort skriftleg.

Kva med Digisos?

Mange kommunar har tatt i bruk systemet Digisos for digital søknad om økonomisk sosialhjelp. Etter det nav.no opplyser kan Digisos førebels ikkje nyttast for å sende inn klage på Nav sine vedtak om økonomisk sosialhjelp. Vi legg då til grunn at ein heller ikkje kan bruke Digisos til å trekkje ein klage.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.