Bruk av vilkår når mottakarar av sosialstønad har for høge buutgifter

Dei som ikkje klarar å betale buutgiftene sine sjølv, kan ha rett på økonomisk sosialstønad. Det føreset at utgiftene er rimelege og nøkterne.

Publisert 18.02.2022

Økonomisk sosialstønad skal sikre nødvendige levekostnader, inkludert buutgifter. Utgiftene må likevel vere nøkterne og rimelege sett i høve til størrelsen på husstanden og utleigeprisar elles i kommunen.

Nav kan stille vilkår om å redusere buugiftene

Dersom stønadsmottakaren har for høge buutgifter, kan Nav stille vilkår om at han eller ho må redusere utgiftene. Det er fordi sosialstønad ikkje skal gå til dekning av urimeleg høge buutgifter, og fordi reduserte utgifter kan bidra til at stønadsmottakaren blir økonomisk sjølvhjelpen.

Vilkår om å flytte vil vere for inngripande

Sjølv om løysinga for mottakaren kanskje blir å flytte, kan ikkje Nav setje flytting som direkte vilkår for å få sosialstønad. Arbeids- og velferdsdirektoratet skriv i eit brev datert 21. februar 2022 at å stille vilkår om flytting vil vere for inngripande for stønadsmottakaren. Nav kan stille vilkår om at mottakaren må redusere buutgiftene, men han eller ho må sjølv få høve til å velje korleis det skal skje. Mottakaren kan til dømes snakke med utleigar om å få justert ned leiga, eller ta inn ein innlosjerande som kan dele på utgiftene.

Mottakaren må få tid til å områ seg

Dersom Nav stiller vilkår om reduksjon av buutgifter, er det vanleg at mottakaren får ei områdingstid der han eller ho prøver å finne løysingar. I denne perioden er det ofte aktuelt at Nav yter råd og rettleiing etter sosialtenestelova paragraf 17.

Bruk av vilkår skal ha samanheng med vedtaket, og vilkåra skal i størst mogleg grad setjast i samråd med mottakaren. Når Nav stiller vilkår til sosialstønad, må dei følgje reglane i sosialtenestelova og forvaltningslova.

Les også artikkelen Bruk av vilkår ved tildeling av sosialstønad

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.