Lova har strenge reglar for Navs bruk av vilkår ved tildeling av sosialstønad

Til vanleg skal Nav gje sosialstønad utan å stille vilkår til sosialhjelpsmottakarar som er over 30 år. I ein del av klagesakene vi behandlar har Nav knytt vilkår til stønaden som dei gjev, utan at dei har oppfylt dei strenge reglane som gjeld.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.12.2021, Sist endra 16.01.2023

To av dei viktigaste reglane ved bruk av vilkår er at:

  • Vilkåret skal bidra til å gjere stønadsmottakaren i stand til å sørgje for sitt livsopphald på annan måte enn ved sosialstønad.
  • Nav alltid skal gje ei individuell grunngjeving for vilkåret, og klarleggje kvifor vilkåret dei set er hensiktsmessig.

Kva er vilkår i sosialtenestelova?

Vilkår inneber at Nav knyter ei plikt, eit pålegg eller ei avgrensing til tildelinga av økonomisk stønad. Ofte er dette noko stønadsmottakaren må gjere før han eller ho får utbetalt tildelt stønad.

Arbeids- og velferdsdirektoratet presiserer at dersom Nav set vilkår, så skal dei i utgangspunktet gjere det i samarbeid med stønadsmottakaren. Føremålet om hjelp til sjølvhjelp når ein best dersom Nav og stønadsmottakaren samarbeider om å utforme tenestetilbodet og planlegge vidare oppfølging ut frå mottakarens ønske og føresetnader.

Krav om å levere dokumentasjon for at Nav skal kunne vurdere om kriteria for økonomisk stønad er oppfylt, er ikkje vilkår. At tenestemottakaren eventuelt skal levere dokumentasjon for å vise at han eller ho har oppfylt vilkåret, er noko anna, og det kan Nav be om. Sjølv om vilkårssetting også inneber element av kontroll, så kan ikkje Nav stille vilkår berre av kontrollomsyn.

Eigne paragrafar i sosialtenestelova

Sosialtenestelovas paragraf 20 handlar om bruk av vilkår og paragraf 20a handlar om bruk av vilkår for personar under 30 år. Direktoratet skal tolke lova, og tolkingane er samla i rundskriv 35. Her har direktoratet gjeve ei grundig utgreiing om korleis Nav skal gå fram når dei set vilkår. Vi ser at Nav ikkje alltid brukar den rettleiinga som direktoratet har gjeve. 

Utgangspunktet er stønad utan vilkår til personar over 30 år og ved tildeling av nødhjelp

Nav skal i utgangspunktet gje økonomisk stønad utan vilkår, fordi slik stønad er ein rett for dei som ikkje har andre mogelegheiter til å forsørgje seg sjølv. Sosialtenestelova paragraf 20 slår likevel fast at Nav kan stille vilkår for tildeling av økonomisk stønad, til dømes at mottakaren i stønadsperioden skal utføre passande arbeidsoppgåver.

Når Nav tildeler økonomisk stønad i ein nødssituasjon, kan dei ikkje knytte vilkår til stønaden.I rundskriv 35 kan du lese meir om kva direktoratet definerer som ein nødssituasjon.

Unntak når stønadsmottakarar er under 30 år

Sosialtenestelova har eit unntak frå regelen om at Nav skal gje sosialstønad utan å stille vilkår, og det gjeld for stønadsmottakarar under 30 år. Lovas paragraf 20a regulerer dette, og for desse stønadsmottakarane skal Nav stille vilkår om aktivitet, med mindre tungtvegande grunnar talar mot. Nav kan også stille andre vilkår enn aktivitet for dei under 30 år, men dette er ein «kan-regel», som for personar over 30 år. 

I einskilde høve skal Nav stille krav om norskopplæring til sosialhjelpssøkjarar under 30 år, som du kan lese meir om i denne saka.

Bruk av standardtekst

Nav gjer til vanleg bruk av standardtekstar når dei gjer vedtak etter sosialtenestelova. Dette er både arbeidssparande og bidrar til å sikre likebehandling. Ofte har standardtekstane ei opplisting av aktuelle vilkår, og vi har sett ein del døme på at Nav legg heile lista av vilkår inn i vedtaket. Dette skuldast kanskje ei forgløyming frå den som skriv vedtaket, men slik praksis er svikt i saksbehandlinga, og kan feilinformere og forvirre stønadsmottakaren. Det er viktig at Nav tar bort dei vilkårsalternativa som ikkje er aktuelle.

Når Nav tek i bruk vilkår, skal dei grunngje kvifor det er rett å stille akkurat dette vilkåret i akkurat dette vedtaket. Vi har sett mange døme på at Nav utelet å skrive denne individuelle vurderinga i vedtaket.

Undersøking av bruk av vilkår

Arbeids- og velferdsdirektoratet har undersøkt bruk av vilkår i nokre Nav-kontor i perioden 2013 – 2017. Funna har dei omtalt i kapittel 7 i rapporten «Gjennomgang av sosiale tjenester for langtidsmottakere av økonomisk sosialhjelp». Rapporten er nyttig lesnad for dei som arbeider med tildeling av økonomisk sosialhjelp.

Med andre ord

Det er ikkje alle som forstår kva Nav meiner når dei skriv «vilkår». Det kan vere føremålstenleg å bruke ord som fleire forstår. Nav kan med fordel bytte ut «vilkår» med «kva du må gjere for å få pengane».

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.