Søknadsfrist for særplass for turnusåret 15.08.2026 til 14.08.2027

Søknadsfristen for å søkja om særplass for turnustenesta for fysioterapeutane er 20. oktober 2025.

Publisert 23.09.2025

Søknadsfristen for å søkja om særplass knytt til turnustenesta til fysioterapeutar for turnusåret 2026-2027 er 20. oktober 2025.

Send søknaden til Statsforvaltaren i Vestland

Studentar ved NTNU og Høgskulen på Vestlandet sender søknad om særplass til Statsforvaltaren i Vestland. Ver venleg å bruk «Send sikker melding» ved innsending av søknad.

Regelverk

Behovet for særplass skal vere grunngjeve og dokumentert. Regelverket som gjeld for særplass finn de i Forskrift om turnustjeneste for fysioterapeuter § 9 og i Helsedirektoratets rundskriv IS-1/2018 kapittel 3.3.

Byte av turnusregion

Frist for å byta region med turnusfysioterapeut frå ein annan region er 27. oktober 2025. Fristen for å byta internt i turnusregion Midt-Vest, er òg 27. oktober 2025.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.