Legar i kommunane får unntak frå einskilde kompetansekrav

For å sikre tilstrekkeleg allmennlegekompetanse i kommunane, vert unntaket frå kompetansekravet for fastlegar og i legevakt utvida.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.11.2022

Dei mellombelse endringane opnar for at legar som ikkje er spesialistar i allmennmedisin, eller er under spesialisering, kan starte i vikariat som fastlegar. Det tyder mellom anna at kommunane mellombels kan nytte danske legar som ikkje har fullført LIS1, som fastlegar. Endringane gjer òg at legar som er ferdig med LIS1 kan ha legevakt utan bakvakt fram til og med 31. desember 2023.

Årsaka til dei mellombelse endringane er den pressa situasjonen fleire kommunar står i når det gjeld legebemanninga. Kommunane kan berre nytte seg av unntaka, når det er nødvendig for å sikre tilstrekkeleg allmennlegekompetanse i kommunane. Regjeringa vedtok endringar i kompetanseforskrifta, akuttmedisinforskrifta og tilhøyrande endringar i trygderefusjonsforskrifta 28. oktober. Dei mellombelse endringane gjeld ut 2023.

Du kan lese meir om endringane på Regjering si heimeside.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.