Nye verktøy for kvalifiseringsprogrammet

I regi av Arbeids- og velferdsdirektoratet har ei prosjektgruppe utvikla verktøy som skal hjelpe tilsette i Nav i arbeidet med kvalifiseringsprogrammet. Verktøya er no tilgjengelege på Navs intranett «Navet».

Publisert 11.05.2023

Verktøya består mellom anna av sjekklister, kartleggingsverktøy, forslag til aktivitetar og praktiske døme/case. Føremålet med verktøya er å støtte Nav-kontora i arbeidet med å

  • identifisere dei som har rett på kvalifiseringsprogram
  • utforme individuelt tilpassa program
  • gi tett oppfølging på vegen mot arbeid

Det er utvikla verktøy både for rådgjevarar og leiarar. Ein finn også oversikt over administrative oppgåver knytt til kvalifiseringsprogrammet, noko som bidreg til å sikre at Nav-kontora følgjer lovpålagde oppgåver jamfør sosialtenestelova og forvaltningslova. Oversikta kan vere eit utgangspunkt for å lage rutinar.

Verktøya ligg på Navet under «fag og ytelser – sosiale tjenester – kvalifiseringsprogrammet – rutiner for KVP-arbeidet».

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.