Kvalifiseringsstønaden auka frå 1. juli
Deltakarar i kvalifiseringsprogram har rett på kvalifiseringsstønad. Stortinget har vedteke å auke stønaden.
Kvalifiseringsprogrammet er ei teneste etter sosialtenestelova som skal hjelpe personar med nedsett arbeids- og inntektsevne ut i arbeid. Personar som ikkje har arbeidsinntekt eller trygdeytingar, eller der ytingane er svært avgrensa, er i målgruppa for programmet. Ein kan ha kvalifiseringsprogram i inntil to år, og i særlege høve inntil tre år.
Kvalifiseringsstønad
Deltaking i kvalifiseringsprogram gir rett til kvalifiseringsstønad. Stønaden vert utbetalt ein gong i månaden over kommunen sitt lønssystem. Stønaden er skattepliktig, men fører ikkje til at deltakaren opparbeider seg rettar i trygdesystemet, som sjukepengar eller dagpengar. Deltakarar med forsytingsansvar skal få barnetillegg, også om dei ikkje bur med barnet sitt.
Kvalifiseringsstønaden er auka frå 1. juli 2024. Tabellen viser storleiken på stønaden per no, og viser skilnaden på stønad til personar over og under 25 år.
Stønad over 25 år | Stønad under 25 år | Barnetillegg pr. barn | |
Stønad pr. år | 253 141 | 168 761 | 9 360 |
Stønad pr. mnd | 21 095 | 14 063 | 780 |
Stønad pr. veke | 4 868 | 3 245 | 180 |
Stønad pr. dag | 974 | 649 | 36 |
Stønad pr. time | 130 | 87 | 5 |
Kvalifiseringsstønaden er ikkje behovsprøvd på same måte som økonomisk sosialhjelp. Den skal gjere det mogleg for deltakaren å planlegge økonomien sin over lengre tid. Dersom deltakaren har behov for økonomisk råd og rettleiing etter sosialtenestelova, kan dette vere ein del av programmet. Deltakaren har då rett på eit vedtak etter sosialtenestelova paragraf 17 om opplysning, råd og rettleiing.
Nokre gonger kjem deltakarar over i løna arbeid i løpet av programperioden. Inntil 50 prosent ordinært arbeid kombinerast med framleis deltaking i kvalifiseringsprogrammet. Kvalifiseringsstønaden vert redusert time for time når deltakaren har arbeidsinntekt.