Endring i mellombels forskrift om unntak frå sosialtenestelova

Paragraf 6 om eigenmelding ved sjukdom under gjennomføring av kvalifiseringsprogram er oppheva frå 1. juni 2020.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.06.2020

Endringane er gjort i mellombels forskrift om unntak frå sosialtenestelova paragrafane 20, 20a og 29 til 40. I rundskriv til mellombels forskrift er det presisert at deltakarar som har fråvær frå kvalifiseringsprogram som starta før 1. juni, så gjeld reglane om eigenmelding ut dette fråværet.

Arbeids- og sosialdepartementet vedtok 8. mai 2020 mellombels forskrift om unntak frå sosialtenestelova paragrafane 20, 20a og 29 til 40. Den mellombelse forskrifta skal ta vare på deltakarar i kvalifiseringsprogram og mottakarar av økonomisk stønad i ein situasjon der aktivitet ikkje kan gjennomførast som planlagt som følgje av koronapandemien. Den mellombelse forskrifta gjeld til 31. desember 2020, om ikkje departementet gjer vedtak om oppheving før.

Rundskriv til den mellombelse forskrifta finn du under «Lenkjer».

Tidlegare nettoppslag om den mellombelse forskrifta kan du lese her.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.