Bruk av arbeidsavklaringspengar og kvalifiseringsprogram blant unge

Fafo har utarbeida ein rapport om bruk av arbeidsavklaringspengar og kvalifiseringsprogram blant ungdom, på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Rapporten tar for seg ungdomar sin rett og tilgang til dei to ytingane, og kva oppfølging dei får frå Nav.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.09.2022

Unge ledige kan kvalifisere for ulike ytingar og ulike typar oppfølging frå Nav. Denne rapporten ser på oppfølging av unge med nedsett arbeidsevne, og tek for seg ulike delproblemstillingar, innanfor nokre temaområde.

Arbeidsavklaringspengar eller kvalifiseringsprogram?

Dersom arbeidsevna til ungdommen er nedsett med 50% eller meir grunna dokumenterte helseplager, kan personen ha rett på arbeidsavklaringspengar etter folketrygdlova (AAP). Dersom arbeidsevna er nedsett av andre grunnar enn helseproblem, eller kanskje helse er ein mindre del av eit meir samansett årsaksbilete, kan ungdommen ha rett på kvalifiseringsprogram med tilhøyrande kvalifiseringsstønad etter sosialtenestelova (KVP).

Ein person som har rett på AAP, har ikkje rett på KVP. Det er fordi økonomiske tenester etter sosialtenestelova er subsidiære og representerer velferdsstatens siste sikringsnett for dei som ikkje har andre moglegheiter.  Årsaka til den nedsette arbeidsevna avgjer derfor om tenestemottakaren får AAP eller KVP. For begge ordningane er det eit vilkår at personen har behov for oppfølging frå Nav for å kome ut i arbeidslivet.

Kva oppfølging har tenestemottakaren rett på?

I folketrygdlova paragraf 11-7 står det at den som har AAP skal ha ein aktivitetsplan som inneheld hensiktsmessige tiltak. Tenestemottakaren og Nav-rådgjevaren skal utarbeide planen saman, og tiltaka skal tilpassast tenestemottakarens funksjonsnivå. Planen skal endrast etter behov.

I sosialtenestelova paragraf 30 står det at dei som har kvalifiseringsstønad har rett på eit individuelt tilpassa program på 37,5 timar per veke. Deltakaren skal få tett oppfølging frå Nav, og det er poengtert at aktivitetane i programmet kan spenne over eit vidt område. Dei kan omfatte både statlege og kommunale arbeidsretta tiltak, men det kan også setjast av tid til behandling, trening, sosiale aktivitetar, økonomisk rettleiing og andre individuelt tilpassa tiltak, så lenge dei representerer eit skritt på vegen mot arbeid for den enkelte.

Rapporten ser på om det er slik at vilkåra for å få AAP kan føre til einsidig fokus på helseproblem i møte med ungdomar, og om dette kan ha uheldige verknader. Den peikar også på at dei som har KVP får tettare oppfølging enn dei som har AAP. Ungdomar med nedsett arbeidsevne kan ha bruk for tett oppfølging uavhengig av kva yting dei har, og rapporten frå tar opp ulike tema og problemstillingar knytt til dette.

Du kan lese heile rapporten frå Fafo (Fafo-rapport 2021:35) via regjeringa sin nettstad.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.