Statsforvaltaren tilrår ikkje lovendring som opnar for portforbod

Portforbod er eit svært inngripande tiltak, og vår konklusjon er at vi ikkje vil tilrå lovendringa. Dette skriv vi i høyringssvaret til forslaget om endring i smittevernlova.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.02.2021

I endringsforslaget i smittevernlova, som er på høyring, blir det foreslått eit heimelsgrunnlag for portforbod som smittevernvedtak under covid-19-pandemien. Vi trur vi kan oppnå tilstrekkeleg effekt av tiltak utan å gå til så inngripande tiltak som dette framlegget.

I høyringssvaret peikar vi på fleire moment som talar mot lovendringa. Desse handlar i stor grad om at det norske samfunnet er bygd på tillit, og at eit portforbod rammar skeivt. Dette fordi det både er store forskjellar i smittesituasjon og fordi grupper i befolkninga som er utsette eller ramma frå før, nesten alltid får større negativ effekt av inngripande tiltak.

Dersom ein regel om portforbod likevel blir innført meiner vi at Stortinget ikkje bør gje frå seg all mynde ved eit eventuelt vedtak om portforbod, og at eit portforbod bør kunne prøvast for domstolane.

Les heile høyringssvaret frå Statsforvaltaren i Vestland her. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.