Sjukehuset gav forsvarleg helsehjelp

Pasienten var nyleg utskriven frå eit kort opphald ved psykiatrisk akuttmottak. Vi har undersøkt hjelpa han fekk på sjukehuset og har kome til at han fekk forsvarleg helsehjelp.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.02.2021

Han vart teken imot, vurdert og følgd opp av kvalifisert helsepersonell. Vilkåra for innlegging på tvungent psykisk helsevern var ikkje til stades. Helsehjelpa under opphaldet var basert på samtykke frå pasienten. Han tok imot tilbod om eit frivillig opphald og formidla ønskje om vidare behandling, men ønskte ikkje å vere innlagt i julehelga. Det vart gjort vurderingar av om han kunne vere til fare for seg sjølv eller andre før utskriving, men det var ikkje noko som tilsa ein akutt forhøgja risiko.

Politiet rykte ut til bustaden til mannen om kvelden den dagen han var utskriven. Han vart skoten og døydde av skadane.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.