Pasienten som rømde og skada familien sin fekk forsvarleg helsehjelp

Ein pasient som var innlagd ved Valen sjukehus, rømde frå sjukehuset og utøvde grov vald mot familien. Vi er komne til at helsehjelpa mannen fekk ved sjukehuset var forsvarleg.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.01.2021

Mannen hadde ved eit tidlegare tilfelle truga og påført familien skader heime. Etter dette blei mannen dømt til psykisk helsevern, og lagt inn ved Valen sjukehus der han fekk behandling for alvorleg psykisk liding. Gjennom opphaldet på sjukehuset hadde behandlarane og personalet god kontakt med han og han samarbeidde om behandlinga. Målet var rehabilitering, å hjelpe han tilbake til samfunnet. Grunna god åtferd og at han blei oppfatta å vere i betring, fekk han stadig meir utgang og permisjon frå avdelinga. Den dagen han stakk av, kjende pasienten seg dårleg, og vart difor råda til å ikkje dra på permisjon. Han godtok først dette, men stakk likevel av frå avdelinga på kvelden. Han drog til familien sin og utøvde grov vald mot dei før han vart pågripen av politiet.

Valen sjukehus melde hendinga til Helsetilsynet, og Fylkesmannen valde å utføre tilsyn ved å intervjue dei tilsette og leiinga i desember. Vi har vurdert helsehjelpa mannen fekk under det ni månader lange opphaldet, og sett spesielt på diagnostikk, behandling og vurdering av valdsrisiko. Vi har òg sett nærare på kva som skjedde den dagen han rømde og har vurdert hendinga opp mot interne retningsliner og forsvarleg verksemd. Vi fann ikkje lovbrot knytt til nokon av desse områda.

Valdsrisikovurdering gir ingen fasit

HCR-20 er eit omfattande og kjent verktøy for valdsrisikovurdering. Verktøyet gir ingen fasit på om og når ein pasient vil utøve vald, men kan seie noko om i kva slags situasjonar ein person kan utgjere ein risiko. Vurderinga skal hjelpe med å klargjere førebyggjande tiltak og strategiar som kan hjelpe med å minimere slik risiko. Det vart utført ei slik risikovurdering av mannen. Denne konkluderte med at risikoen for ny vald var låg, med rett behandling.

Utfordrande å gi rett behandling

Saka er eit døme på at det kan vere utfordrande å gi rett helsehjelp til pasientar med ein tilstand som mannen hadde. Dei aller fleste pasientar som er innlagt i psykiatrien skal få hjelp til å fungere i samfunnet. Dette har dei oftast sjølv også ønskje om, men kjenner seg ikkje alltid i stand til det. Spesiell åtferd kan vere forsøk på å kommunisere eller be om hjelp. Dette kan vere vanskeleg å forstå og tolke for dei som skal hjelpe. Ingen, heller ikkje erfarne behandlarar, kan føresjå alle valdshandlingar, sjølv med omfattande risikovurderingar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner