Pakkeforløp hjem for pasienter med kreft

Det nye pakkeforløpet skal bidra til å sikre god struktur og logistikk i helsetenesta. Det skal også gi tryggleik og føreseielegheit for personar som lever med kreft eller er ferdige med kreftbehandling.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.02.2022

Pakkeforløpet gjeld for alle pasientar som får ein kreftdiagnose, også barn og unge.

Pakkeforløpet skal bidra til:

  • Auka fokus på livskvalitet, god helse og meistring.
  • Meir systematisk avdekking av pasientens individuelle behov, dette vil seie behov som går ut over kreftbehandling og oppfølging, og er knytt til pasientens livssituasjon og kva som er viktig for den enkelte pasient.
  • At pasientens behov blir følgt opp gjennom tydeleg kommunikasjon til andre tenesteytarar, og plassering av ansvar for vidare oppfølging.
  • Mindre uønskt variasjon i oppfølginga av pasienten som får ein kreftdiagnose, uavhengig av kor i landet dei bur.
  • Samanhengande tenester på tvers av sjukehus og kommunar.
  • Betre samhandling mellom aktørane som har kontakt med pasienten.
  • Auka tryggleik for pasienten når pasienten blir overført mellom tenestenivå.

Kontaktpunkt i kommunal helse- og omsorgsteneste

Kommunane bør ha kontaktpunkt for førespurnader om pakkeforløpet, som er kjent for spesialisthelsetenesta, pasientar eller pårørande og etatar utanfor helse- og omsorgstenesta. Kommunen bør lage avtalar lokalt om kva kontaktpunkt som skal nyttast. Dette kan vere forvaltningseining eller tildelingseining, koordinerande eining, fastlege, kreftsjukepleier, kreftkoordinator og andre.

Her finn du heile pakkeforløpet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.