Ny nasjonal ordning for oppbevaring av journalar ved opphøyr og overdraging av verksemder

Ordninga gjeld frå 1. oktober 2021 og omfattar også innlevering av pasientjournalar ved tap og suspensjon av autorisasjon, lisens og spesialistgodkjenning.

Publisert 13.10.2021

Ved overdraging eller nedlegging av ei verksemd, der det ikkje er aktuelt å overføre pasientjournalane til anna bestemt helsepersonell eller anna bestemt verksemd, er verksemda pålagt å avlevere journalane til den nye nasjonale ordninga.

Det er Helsedirektoratet som er dataansvarleg etter Statsforvaltaren. Norsk helsearkiv (NHA) blir databehandlar, og skal drifte og stå for den praktiske gjennomføringa av ordninga.

Meir informasjon om ordninga finn du på nettsida til Helsedirektoratet.