Mannen som er sikta for drap ved kjøpesenter i Bergen fekk ikkje forsvarleg helsehjelp

I mars 2022 vart ein mann i 30-åra varetektsfengsla og sikta for drap på faren med kniv. I tilsynssaka har vi vurdert at helsehjelpa mannen fekk frå januar 2022 braut med krava til forsvarleg helsehjelp.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.06.2022, Sist endret 04.07.2022

Mannen hadde vore pasient ved eit distriktspsykiatrisk senter (DPS) dei siste to åra før hendinga. Vi starta tilsynssak for å undersøke om helsehjelpa han fekk hadde vore forsvarleg.

Vår vurdering er at helsehjelpa var forsvarleg for perioden til og med desember 2021, medan oppfølging av mannen frå og med januar 2022 braut med krava til forsvarleg helsehjelp.

Fekk helsehjelp for psykisk sjukdom

Mannen vaks opp i utlandet, men han hadde budd mange år i Noreg. Han hadde periodevis nytta ulike rusmiddel og var diagnostisert med ei alvorleg psykisk liding.

Etter ei uroleg tid i livet betra situasjonen seg i 2020 med oppfølging ved DPS og stabil medisinering med antipsykotika.

Uforsvarleg oppfølging etter heimkomst

Behandlinga vart avbroten då mannen reiste til utlandet i november 2021. Medan han framleis var i utlandet, avslutta DPS-et behandlinga i psykisk helsevern. Då mannen kom heim seinare i same månad fekk han ikkje lenger noko oppfølging i spesialisthelsetenesta. Det vart heller ikkje tatt stilling til om medisineringa med antipsykotika skulle halde fram eller ikkje.

Statsforvaltaren har komme til at mannen fekk god helsehjelp fram til han reiste til utlandet i november 2021, men at behandlarane ved DPS-et gjorde ein utilstrekkeleg vurdering då dei skreiv han ut i januar 2022.

Mannen hadde sagt at han snart skulle komme tilbake, og ved fleire tidlegare reiser hadde han returnert innan avgrensa tid. Det var kjent at han hadde høg risiko for tilbakefall og forverring utan medisin. Vi har konkludert med at DPS-et burde gjort meir for å sikre vidare oppfølging då mannen kom tilbake til Noreg. På dette punktet var ikkje helsehjelpa forsvarleg, og heller ikkje i tråd med nasjonale retningsliner.

Vi har bedt DPS-et gå gjennom hendinga, vurdere om dei bør endre rutinar og praksis, og informere oss om korleis saka blir følgt opp vidare.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner