Manglar i sakshandsaminga om tenestetilbodet til personar med utviklingshemmingar

Ein ny rapport frå Likestillings- og diskrimineringsombodet viser at kommunane ikkje er gode nok på å sikre medverknad i utforminga av tenestetilbodet til personar med utviklingshemming. Dette gjeld også i statsforvaltarane si handsaming av sakene.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.11.2022

Ombodet har gått gjennom 117 klagesaker frå ulike statsforvaltarembete som omhandla helse- og omsorgstenestene til personar med utviklingshemming. I sakene har ombodet sett på korleis dei kommunale tenestene støttar retten til å leve eit sjølvstendig liv, og å kunne vere ein del av samfunnet. Ombodet har også kartlagt personane sine eigne erfaringar med helse- og omsorgstenestene.

Rapporten viser at:

  • Framfor å undersøkje kva personen sjølv ønskjer, så er opplysingar om personen sin funksjon lagt som grunnlag for avgjerder. Det er lite synleg i vedtaka frå kommunane og statsforvaltarane om medverknad har vore prøvd, og korleis det har vorte prøvd. Fleire kommunar har ikkje dokumentert at personen sjølv, pårørande eller verje har fått medverke i utforminga av tenestetilbodet. I fleire saker har ikkje Statsforvaltarane gjort ei konkret vurdering av om retten til medverknad er oppfylt.

  • Lovbestemminga om individuelt tilpassa tenester, har lite eller ingen plass i vurderingane som kommunen gjer. Kommunane viser til at dei har rett til å velje korleis tilbodet skal utformast. Det er vanskeleg å sjå om kommunen fastset kva som er ei forsvarleg teneste for den enkelte, og om desse tenestene er individtilpassa.

  • Kommunane tek i stor grad omsyn til økonomi og hensiktsmessigheit når dei tilviser personar til samlokaliserte buformer. Personane sjølve har lite innflytelse over kvar dei får bu og kven dei skal bu saman med.

  • Kommunane utmåler og utformar i lita grad tenestene i lys av plikta i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9. Statsforvaltarane tek ikkje alltid med tvangsvedtaket inn i klagesaksbehandlinga, sjølv om tenesta kan vere med å førebyggje bruk av tvang.

Heile rapporten Retten til et selvstendig liv og være en del av samfunnet kan du lese på nettsida til Likestillings- og diskrimineringsombodet. 

Du kan også finne ein lettlesen versjon av rapporten Retten til et selvstendig liv og være en del av samfunnet på nettsida til Likestillings- og diskrimineringsombodet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.