Lovbrot ved utskriving frå Avdeling for rusmedisin

Etter å ha undersøkt ei utskriving frå Avdeling for rusmedisin i april 2020 konkluderer Statsforvaltaren i Vestland med at helsehjelpa ikkje var forsvarleg, då vidare behandling og oppfølging ikkje var tilstrekkeleg planlagt og organisert.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.06.2021

Pasienten vart innlagt Avdeling for rusmedisin (AFR), Haukeland Universitetssjukehus for avrusing og stabilisering. Vedkommande hadde også tilleggsdiagnosar, og risikoen for sjølvdrap var vurdert som forhøgja.

Mangelfull organisering av vidare oppfølging

Ved avslutta avrusingsopphald hadde pasienten eit klart behov og ynskje om vidare oppfølging frå spesialisthelsetenesta. I følgje journal var det planlagt vidare oppfølging frå AFR, men i forkant av utskriving vart det slutta at vedkommande i påvente av dette, som ei midlertidig løysing, skulle følgjast opp av spesialisthelsetenesta på heimstaden sin.

Då pasienten vart utskriven låg det ikkje føre noko føringar for vidare oppfølging frå fastlege og det var ikkje iverksett noko førebuande kommunale tiltak. Vidare viste det seg at tilvisinga til spesialisthelsetenesta ikkje hadde blitt sendt som planlagt. Denne vart postlagt fyrst to veker etter utskrivinga.
Pasienten gjenopptok rusmisbruket etter utskriving, og tok deretter sitt eige liv.

Framgangsmåte ved utskriving avviker frå forsvarleg praksis

Statsforvaltaren meiner at framgangsmåten ved utskrivinga avviker frå forsvarleg praksis. Nasjonale føringar og forventningar til organisering av tenestene tilseier at pasientar etter avslutta avrusing/stabilisering skal skrivast ut til eit etablert og godt organisert tilbod, der behandlinga førast vidare og pasienten vert ivaretatt med tanke på tilbakefall.

Ansvaret for svikta ligger i fyrste rekke hjå leiinga ved AFR, då gjeldande retningslinjer for utskriving etter avrusing/stabilisering ikkje tydleg nok sikra kontinuitet i vidare behandling.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.